Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Marknadsundersøking om berekraftig mobilbruk

Jobb i grupper, og lag ei marknadsundersøking for trinnet eller for heile skulen dykkar om mobiltelefonar, resirkulering av mobiltelefonar og gjenbruk av mobiltelefonar.

Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

I filmen ovanfor blir arbeidsforholda til gruvearbeidarar problematiserte. Eit anna problem, som dei fleste veit om, er at det i dag er mange dyr i verda som er i ferd med å døy ut. Men er det mange som veit at gamle mobiltelefonar kan vere med på å redde nokon av dei?

Den demokratiske republikken Kongo er eit land som er berykta for gruvedrifta si og utvinninga av mineral og metall til produksjon av mobiltelefonar. I takt med auka gruvedrift får mellom anna gorillaene mindre leveområde og blir i større grad eit lettare bytte for ulovleg jakt. For å forhindre denne utviklinga kan attvinning av gamle mobiltelefonar vere ein del av løysinga.

Relatert innhald

Oppdrag: Lag ei marknadsundersøking om berekraftig mobilbruk


Jobb i grupper, og lag ei marknadsundersøking for trinnet eller for heile skulen dykkar om mobiltelefonar, resirkulering av mobiltelefonar og gjenbruk av mobiltelefonar.

Undersøkinga skal vise mobiltrendane blant elevane på skulen din, og ho skal vise om dei tenkjer på – og om dei kjenner til – berekraftig mobilbruk.

Gruppene blir samde om kva spørsmål de må stille for å få svar på det de lurer på, og om kva type undersøking de vil lage. Det blir anbefalt at halve klassen jobbar med kvalitative undersøkingsmetodar, og at den andre halvparten jobbar med kvantitative undersøkingsmetodar – slik at de får både breidd og djupne i svara dykkar.

Relatert innhald

Fagstoff
Spørjeundersøkingar

Kvantitative undersøkingar i form av spørjeundersøkingar er nok den forma for marknadsundersøkingar flest av oss kjenner til.

Tips til verktøy for enkle marknadsundersøkingar, og nokre forslag til spørsmål de treng svar på:

Google Forms
SurveyMonkey
EasyQuest

  1. Kor ofte byter elevane mobiltelefon?
  2. Har elevane gamle telefonar liggjande heime – og i så fall kor mange?
  3. Kjenner elevane til at det går an å levere inn dei gamle telefonane, og at dei kan attvinnast?
  4. Er dette noko elevane kan vurdere å gjere?
  5. Kjenner elevane til at gamle mobiltelefonar kan vere ein del av løysinga for å redde utryddingstruga gorillaer?
  6. Er det andre spørsmål de tenkjer er aktuelle i samanheng med det de no veit om resirkulering og mobiltelefonar?

Kvar gruppe skal skrive ein rapport om funna frå undersøkinga og lage ein presentasjon der hovudfunna frå undersøkinga blir lagde fram munnleg for klassa.

Ei eventuell forlenging av oppgåva

Som ei forlenging av denne oppgåva kan de gjerne jobbe med oppgåva om å lage ein haldningskampanje som oppmodar medelevar til å behalde mobiltelefonar lenger og resirkulere gamle mobiltelefonar.

Relatert innhald