Oppgåve
Kva ser du?
Ved å observere folk som handlar, kan du lære mykje om handlemønster og korleis folk tenkjer.
Du kan finne ut utruleg mykje om forbrukaråtferd berre ved å observere forbrukarar «in action». Svara du får, kan du bruke til å gjere kundeopplevinga endå betre.
- Gå saman to og to.
- Ring eller oppsøk ein butikk. Spør butikkleiaren eller nokon av dei tilsette om de kan få gjennomføre ei marknadsundersøking om forbrukaråtferd i butikken ved hjelp av observasjonsmetoden. Spør gjerne om det er spesielle spørsmål butikken kan tenkje seg å få svar på.
- Avtal med butikken når de kan gjennomføre undersøkinga.
- Lag sjølve undersøkinga, gjerne i form av eit avkryssingsskjema. Då blir det ikkje så mykje å skrive når de gjennomfører undersøkinga, og det blir lettare å analysere svara i etterkant. Analysen skal kunne vise konkrete resultat og eventuelle trendar.
Gjennomføring
- Prøv å gjere dykk sjølve litt usynlege når de observerer, slik at ikkje kundane opplever det som ubehageleg.
- Sjå på korleis kundane oppfører seg i butikken, og kryss av i skjemaet/undersøkinga.
Sluttføring
- Analyser resultata når de kjem tilbake i klasserommet.
- Lag ei oppsummering av det de finn, og sjå om de kan finne forbetringspunkt.
- Send gjerne oppsummeringa til butikken.
Relatert innhald
Fagstoff
Observasjon i markedsføringObservasjon som metode i marknadsundersøkingar kan være nyttig for ein marknadsførar. Med denne metoden ser du korleis forbrukarar handlar og samhandlar.