Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Digital samtale om marknadsundersøkingar i Samtavla

Ha samtalar og diskusjonar i klassen, eller i mindre grupper, om ulike spørsmål knytte til marknadsundersøkingar. Samtavla kan nyttast som verktøy for å støtte læring gjennom utforskande samtalar.
Eit døme på ei Samtavla-side som kan brukast til diskusjonar og utforskande samtalar i klasserommet. På sida står det "Markedsundersøkelser" som overskrift, og deretter står spørsmålet: "Hva er fordeler og ulemper med kvalitative undersøkelsesmetoder?" Under er det to kolonnar. Foto.

Kva er samtavla?

Samtavla er eit verktøy som er utvikla for å støtte læring gjennom utforskande samtalar på ei felles digital tavle. Den visuelle flata kan brukast til å organisere bidrag og til å drive dialogen vidare. Samtavla kan brukast som verktøy både for ei heil klasse og for mindre grupper.

Meir informasjon om bruk av Samtavla som ein stad å dele samtalar

Informasjon om korleis du bruker Samtavla

Bruk av Samtavla viss deltakarane er på ulike stader

Bruk av førehandsutfylt mal på Samtavla

Læraren eller gruppeleiaren kan følgje ei lenkje til ein førehandsutfylt undervisningsmal av ei tavle som klassen, eller mindre grupper, kan fylle ut om marknadsundersøkingar. Her er ei lenkje til ein førehandsutfylt mal om marknadsundersøkingar på Samtavla.no. (Hugs å logge inn før du opnar lenka).

Kvar gong ein lærar klikkar på ei slik lenkje, blir det laga ei ny tavle med ein ny pinkode som er unik for denne gruppa, og som kan delast med elevane. Ein elev kan starte ei tavle på same måte, dersom de skal jobbe i mindre grupper.

Spørsmåla i den førehandsutfylte malen

Følgjande spørsmål kan danne grunnlag for ein samtale og diskusjon om marknadsundersøkingar:

  1. Kva er marknadsundersøkingar?
  2. Kva er kvalitative undersøkingar?
  3. Kva er kvantitative undersøkingar?
  4. Kva er fordelar og ulemper med kvalitative undersøkingsmetodar?
  5. Kva er fordelar og ulemper med kvantitative undersøkingsmetodar?
  6. På kva måtar er stordata og digital dataanalyse aktuelt?
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 19.09.2023

Læringsressursar

Marknadsundersøkingar