Blindtest
Avgjer om de skal gjennomføre blindtestane i klassen eller i andre målgrupper, kor mange personar som skal delta i blindtestane, og kva produkt de skal gjennomføre blindtestar med. De kan til dømes teste ut Freia mjølkesjokolade og First Price mjølkesjokolade, Maarud potetgull og First Price potetgull og Coca Cola og First Price cola.
Alle som skal delta i blindtesten, vel eit av følgjande to svaralternativ i forkant av blindtesten:
- Eg trur den dyraste varianten smaker best.
- Eg trur billegvarianten smaker best.
La deltakarane i blindtesten smake med bind for auga og tippe på kva variant dei smaker på. Kva variant likte dei best? Lag eit system for å registrere svara på ein ryddig måte, slik at resultata kan analyserast og presenterast på ein korrekt måte etter at blindtestane er gjennomførte.
Presenter resultata ved å bruke diagram.
Lykke til med gjennomføringa av blindtestane.
Tenk over
Var det nokon av resultata som var overraskande? På kva måte, i så fall?