Hopp til innhald

Fagstoff

Analyse og innsikt i målgruppa

Vi veit stadig meir om kundane, noko som gjer det lettare for oss å målrette sal og marknadsføring. Skal du nå fram som marknadsførar, er innsikt i målgruppa og tilpassa kommunikasjon nokre av dei viktigaste verktøya dine.
To menn og to kvinner blir kjende att på gata ved hjelp av ansiktsattkjenning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vil du prøve å selje noko, er det viktig at du treffer målgruppa. Så enkelt og så vanskeleg er det. Her viser vi deg korleis du kan gå fram for å bruke ulike verktøy til å tolke kundedataa riktig og tilpasse marknadskommunikasjonen til målgruppa.

Korleis få innsikt i målgruppa?

For det første: Kundeinnsikt er i dag heilt sentralt. Jo meir du veit om kundane dine, jo betre forstår du dei, og jo lettare kan du skilje deg ut frå konkurrentane dine.

Du kan avdekkje ei rekkje ting ved å opparbeide deg innsikt i kundane og kundereisa. Så å seie alt kan målast. Du kan måle

  • kva behov, ønske og interesser kundane har
  • korleis kundane tek avgjerder
  • kvar kundane eventuelt fell av
  • korleis kundane vurderer produkta og tenestene dine
  • kor lojale kundane er

Korleis går du så fram for å samle inn mest mogleg informasjon om eksisterande og potensielle kundar?

Mange verktøy for innhenting av kundeinformasjon

Det er mange måtar å innhente denne informasjonen på. Det viktigaste er å tenkje breitt og sørgje for å få med alle kontaktpunkta der bedrifta er synleg.

Google Analytics statistikk om dei som besøkjer nettsida di. Du kan finne ut kor mange som besøkjer sida, kva produkt folk ser mest på, kor mange som kjem frå dei ulike annonsane dine, og så vidare.

Gratiskurs i Google Analytics frå utdannet.no

Sosiale medium er sjølvsagt òg ein stor del av pakken når det gjeld kundeinnsikt. Har bedrifta di ei Facebook-side, kan du til dømes bruke Innsikt på Facebook til å få oversikt over kor mange likerklikk du får, kor mange som har sett innlegg på sida di, kor lenge videoar blir viste, og så vidare. Her kan du med andre ord få god oversikt over kva slags innhald som fengjer. Du kan òg sjå korleis kjønnsfordelinga er blant dei som følgjer sida, kva som er den største aldersgruppa, og kva for følgjarar som viser størst engasjement.

Meir om sideinnsikt på Facebook

I tillegg til dei oversiktene dei sosiale media sjølve tilbyr, finst det ei rekkje verktøy du kan bruke for å samle og kartleggje informasjon frå Facebook, Instagram og andre sosiale medium. Her kan du velje litt ut frå kva du sjølv liker.

Sender du ut nyheitsbrev og liknande på e-post, er det lurt å bruke eit verktøy til dette framfor å sende dei frå di eiga e-postadresse. Då kan du nemleg måle kor godt nyheitsbrevet slår an. Kor mange prosent som opnar nyheitsbrevet, seier noko om interessa for emnet du skriv om. Dette er svært nyttig informasjon for deg med tanke på den vidare kommunikasjonen.

Ønskjer du meir informasjon? Spør!

Det er ikkje noko gale i å vende seg direkte til kundane, til dømes i form av ei kort brukarundersøking. Du kan då leggje inn spesifikke spørsmål du ønskjer å få svar på.

Treng du ei «gulrot» å lokke med for å få folk til å svare, er det mange måtar å gjere dette på. Veldig mange bruker tilbod, til dømes: «Svar på undersøkinga og legg att kontaktinformasjonen din, så får du 10 prosent rabatt på alle varene du handlar.»

Til folk som er inne på nettsida di, kan du òg tilby gratis e-bøker eller guidar mot at dei legg att e-postadressa si og eventuelt nokre opplysningar om seg sjølve.

Ikkje gløym å analysere informasjonen


Det eigentlege arbeidet byrjar først når du har samla inn all informasjon du kan få tak i, eller det du synest du treng for augneblinken. No bør du setje deg ned og analysere i jakta på svar.

Etter ei stund, til dømes etter eit par–tre månader, kan du gjere den same prosessen på nytt. Då får du full oversikt over korleis ting utviklar seg. Kanskje oppdaga du i den førre runden at kommunikasjonen din var dårleg tilpassa med tanke på kva kundane faktisk ønskjer å kjøpe?

Etter dette kan du gjere nokre endringar for å tilpasse marknadsføringa di betre, altså produsere innhald som treffer målgruppa. Då er det sjølvsagt veldig spennande å sjå kor stor effekt endringane får.

Skriv så det sel!

Dette fører oss vidare til eit veldig viktig poeng: innhaldsproduksjon. Det hjelper lite å vite mykje om kundane viss du ikkje bruker denne kunnskapen til noko.

Eit godt tips er å starte med å byggje ein innhaldsstrategi. Her er nokre viktige ting du bør fokusere på:

  • Kva vil du oppnå?
  • Tenk på kven du skriv til, og tilpass innhaldet deretter. Kanskje det er nødvendig å skrive ulike tekstar til ulike kundegrupper, til dømes éin tekst til menn og éin annan til kvinner, viss kundedataa dine viser at menn og kvinner handlar ulikt.
  • Fokuser på produkt og tema som kundane er opptekne av, og tenk aktualitet.
  • Bruk eit språk kundane forstår.
  • Tilpass bodskapen til dei ulike kanalane. Du kan bruke eit meir direkte språk i ein e-post til faste kundar enn i ein annonse retta mot nye kundar.
  • Noter deg kva som fungerer. Når får du mest engasjement? Bruk denne informasjonen til å skape endå betre tilpassa kommunikasjon.

CC BY-SASkrive av B17 Media. Rettshavar: B17 Media
Sist fagleg oppdatert 07.01.2020

Læringsressursar

Marknadsundersøkingar