Arbeidsoppdrag
Marknadsundersøking for skulen
I denne oppgåva skal de gjennomføre ei marknadsundersøking for skulen. Finn ut kva elevane på skulen meiner om skulen på godt og vondt. De kan òg høyre med elevar i tiandeklasse i nærmiljøet om dei har lyst til eller ikkje har lyst til å søkje seg til denne skulen. Be elevane grunngi svaret.
Vel ein undersøkingsmetode de meiner passar for dette oppdraget, og utarbeid og gjennomfør undersøkinga. Kanskje funna frå undersøkinga kan delast med leiinga på skulen?
Tenk over
På kva måtar trur de at skulen kan ha nytte av å gjennomføre slike undersøkingar?
Kvifor er det viktig for skular å ha eit godt omdøme?
Relatert innhald
Fagstoff
MarknadsundersøkingarDu har sikkert svart på ulike marknadsundersøkingar. Marknadsundersøkingar kan gi verksemder verdifull informasjon om oss som kundar.
Fagstoff
Observasjon, eksperiment og djupneintervjuDjupneintervju, observasjon og eksperiment er tre ulike måtar å innhente informasjon på ved undersøkingar.