Oppgave
Sentrumshandel?
Mange små byar og tettstader slit med å få folk til å handle i sentrum. Ofte er dette eit resultat av at store kjedebutikkar etablerer seg i kjøpesenter utanfor sentrum. Kva skal til for å trekkje folk tilbake til sentrum?
Dette er ei stor utfordring for mange småbyar. Kva skal til for å lokke folk tilbake til sentrum og gjere det til ein levande by igjen?
- Jobb i grupper på 3–4 elevar.
- Lag ei undersøking retta mot forbrukarar i alle aldersgrupper.
- Prøv å få svar på kva som skal til for å få fleire til å bruke sentrum.
- Analyser svara og skriv ein liten rapport.
- Diskuter funna dykkar i klassa.
- Kva skilnader er det mellom aldersgruppene?
- Er det nokre fellestrekk?
- Kanskje de vil lage ein liten notis av resultata og sende han til lokalavisa?