Haldningskampanje for å resirkulere gamle mobiltelefonar
Den demokratiske republikken Kongo er eit land berykta for gruvedrift og utvinning av mineral og metall til produksjon av mobiltelefonar. I takt med auka gruvedrift får mellom anna gorillaene mindre leveområde og blir i større grad eit lettare byte for ulovleg jakt. For å forhindre denne utviklinga oppmodar no forskarar i Australia oss til å gjenvinne gamle mobiltelefonar.
Relatert innhald
Nettside hos forskning.no
Har du tenkt på fordelane ved å tilsette ein blind medarbeidar? Det gjorde reklamebyrået Try då dei laga ein haldningskampanje for Noregs blindeforbund.
Formålet med ein haldningskampanje er å få folk til å endre haldningar og åtferd. Føresetnaden for ein vellykka haldningskampanje er grundige undersøkingar, definisjon av målgrupper og god planlegging av kommunikasjon.
Det finst mange gode grunnar til å resirkulere både mobiltelefonar og annan elektronikk. Det er ikkje berre viktig å unngå at mobilen blir kasta i anna avfall, det er òg viktig å unngå at han blir liggjande heime i skuffer og skap. Ved å resirkulere mobiltelefonar kan metallet i mobiltelefonen nyttast på nytt. Viss ein mobiltelefon eller anna farleg avfall blir sortert feil, kan dette ha store konsekvensar for miljøet.
Kommunen du bur i, har bede dykk om å planleggje ein haldningskampanje. Kampanjen har som mål å oppmode elevar på vidaregåande skule til å resirkulere gamle mobiltelefonar, og til å bruke dei gamle så lenge som mogleg.
De har ansvaret for
- å planleggje ein haldningskampanje ved å formulere bodskap, vurdere verkemiddel, lage skisser og planleggje ein miks av kommunikasjonskanalar
- å skrive eit refleksjonsnotat der de forklarer vala dykkar