Hopp til innhald
Fagartikkel

Tverrfaglege opplegg om kjønn, seksualitet, kropp og grensesetjing

Kjønn, seksualitet, kropp og grensesetjing er tema som er spesielt relevante i det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Her finn du ulike tverrfaglege opplegg knytt til desse temaa.

Kropp og seksualitet

Vi har alle rett til eit trygt seksualliv, og seksualiteten vår har mange ulike sider. Utforsk kva seksualitet er, korleis du kan få eit tilfredsstillande seksualliv, og korleis seksualiteten påverkar ulike område av livet.

Seksualitet er ein viktig del av livet og handlar like mykje om fantasiar, kjensler og tankar som seksuelle aktivitetar. Seksualiteten er mangfaldig, og ungdomstida er ein viktig periode for å utforske og å bli trygg på eigen seksualitet.

I dette emnet fokuserer vi på mange ulike sider ved seksualitet. Seksualitet er ei kjelde til glede og nyting, og vi har laga ein læringssti om seksualitet som ein introduksjon til temaet.

Andre tema som vi tek opp i dette emnet, er seksuell orientering, forelsking og forhold, porno, sexpress og samtykke. Vi har samla oppgåver og artiklar frå mange ulike fag, og det kan vere spesielt aktuelt å jobbe med dette emnet i fag som samfunnskunnskap, norsk, religion og etikk, helse og oppvekstfag og andre yrkesfag.

Kropp og seksualitet

Seksualitet og grenser

Korleis kan du setje eigne seksuelle grenser og respektere andre sine? Diskuter grensesetjing, og kva vi kan gjere for ikkje å utsetje andre for negative opplevingar.

Kvar går grensene mine? Kvar går grensene dine?

Ungdomstida er ein viktig periode for å bli kjend med eigen og andre sin seksualitet. Det er ein periode der kroppen går gjennom store forandringar. Mykje er nytt, og mange kan vere usikre på sin eigen seksualitet.

Alle har rett til eit trygt seksualliv, og for mange ungdommar er seksualitet ei kjelde til glede og nyting. Dessverre finst det òg ungdommar som blir utsette for negative opplevingar. Viss du ikkje respekterer eigne eller andre sine seksuelle grenser, kan det få svært alvorlege konsekvensar. Det er derfor viktig at du tenker over dine eigne grenser og lærer deg å respektere grensene til andre.

I dette emnet vil du få kunnskap om sexpress, seksuell trakassering og seksuelle overgrep. Du lærer om lovene som regulerer seksualitet, og diskuterer kva vi kan gjere for ikkje å trakke over eigne eller andre sine grenser.

Seksualitet og grenser

Kroppspress

Mange ungdommar opplever eit stort fokus på kroppen. Dei samanliknar seg med andre på sosiale medium og ønsker at kroppen deira var annleis. Kva er kroppspress? Kva kan det føre til, og korleis kan vi minske det?

Kroppane våre kjem i mange ulike former og fasongar. Likevel opplever mange ungdommar at dei skal sjå ut på ein bestemd måte. Fleire ungdommar rapporterer at dei er misfornøgde med kroppen sin, og denne misnøya kan ha store negative konsekvensar. Det er derfor viktig å få meir kunnskap om kroppspress og lære seg å vere kritisk til nokre av dei kroppsideala som omgir oss i samfunnet vårt.

I dette emnet skal du utforske og reflektere over kva kroppspress er, kvar det kjem frå, kva konsekvensar det kan ha, og kva vi kan gjere for å minske det. Dette emnet er tverrfagleg. Artiklane og oppgåvene kan brukast i mange ulike fag, men nokre av dei eignar seg spesielt godt i samfunnskunnskap, norsk, kroppsøving, naturfag, kommunikasjon og kultur og mediefag.

Kroppspress

Kjønnsmangfald

Kva er kjønn, og korleis påverkar det oss? Bli kjend med ulike perspektiv på kjønn og lær om kjønnsmangfaldet som omgir oss.

Ho, han eller hen? Frå vi blir fødde, er kjønn med på å forme kven vi er, kva vi gjer, og korleis vi tenker. Det kan påverke måten vi oppfører oss på, interessene våre og yrkesvala våre.

Det finst mange ulike måtar å uttrykke kjønn på og fleire ulike kjønnsidentitetar. Nokre identifiserer seg med det kjønnet dei fekk tildelt ved fødselen, mens andre ikkje gjer det – og ikkje alle identifiserer seg som anten mann eller kvinne. Den store variasjonen i kjønnsuttrykk og kjønnsidentitetar kallar vi kjønnsmangfald.

Dei som bryt med dei tradisjonelle kjønnsnormene i samfunnet, kan i dag oppleve både trakassering og redusert livskvalitet. Auka kunnskap kan derfor vere med på å hindre misforståingar og skape toleranse og respekt.

Kjønnsmangfald