Lovverk om seksualitet
Fram til 1972 var det forbode med homofili i Noreg. Faktisk var det slik at ein paragraf i straffelova som mellom 1902 og 1972 likestilte seksuell omgang mellom menn med utukt mot dyr. Seksuell orientering utanom å vere heterofil var den gong altså omgang mellom menn. Andre former for seksuell orientering var ikkje omtalt på 1970-talet. Denne paragrafen, paragraf 213, vart altså avvikla i 1972.
I 1981 vart det vedteke ei lov som sa at det vart kriminelt med grovt krenkande ytringar "overfor ein person eller gruppe på grunn av den homofile legninga deira, leveform eller orientering".
I 1993 vart partnarskapslova vedteken. Lova gav to personar av same kjønn rett til å inngå partnarskap og få det registrert.
Partnarskapslova vart erstatta i 2008 av den nye kjønnsnøytrale ekteskapslova. Ekteskapslova sidestiller no ekteskap mellom to personar av same kjønn med ekteskap mellom to personar av ulikt kjønn.
I tillegg til ekteskapslova er det fleire lover som skal sørgje for at ulik seksualitet, kjønn og kjønnsidentitet ikkje blir diskriminert eller utsett for hatefulle ytringar. Dette gjeld mellom anna straffelova, der det å bli utsett for hatefulle ytringar på grunn av den seksuelle legninga si er straffbart.
I likestillings- og diskrimineringslova kan vi lese at formålet til lova er å fremje likestilling og hindre diskriminering mellom anna på grunn av kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.
- Line Tveter (2019). Rett og seksuell orientering – et tilbakeblikk, Lovdata.no. Henta frå https://lovdata.no/artikkel/rett_og_seksuell_orientering__et_tilbakeblikk/2408
- Lovdata (2018). Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven). Sist oppdatert 1.1.2020. Henta frå https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2017-06-16-51