Hopp til innhald

Fagstoff

Rus og grenser

For mange ungdommar kan det vere utfordrande å setje eigne grenser når det gjeld rusmiddel. Samtidig er dette eit av områda i livet der det er aller viktigast å behalde kontrollen. Konsekvensane kan bli store viss du ikkje respekterer dine eigne eller andre sine grenser.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mine grenser / dine grenser

Skal du drikke alkohol på festen? Kva skal du drikke? Øl, rusbrus eller vin? Og eventuelt kor mykje? Skal du drikke eit par øl eller ramle på fylla og ta han heilt ut?

Kva gjer du viss nokon på festen tilbyr deg ei pille som får deg til å kjenne deg heilt utruleg bra? Kva gjer du viss vennene på vors sender rundt ein joint og alle tek eit trekk? Skal du prøve sjølv eller berre sende han vidare?

Kva du vel å gjere, handlar om grensene dine. Når du seier nei til eit rusmiddel, set du samtidig ei grense. Den grensa fortel andre kva du vil og kva du synest er greitt for deg.

Grenser handlar ikkje berre om dine eigne val. Dei handlar like mykje om å respektere vala til andre. Kva gjer du viss du tilbyr nokon ein øl og dei seier nei? Respekterer du grensene deira, eller pushar du på og prøver å overtale dei?

Ung gut tilbyr ein joint til ei ung jente. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor er det viktig å setje grenser?

Viss du skal bestemme over ditt eige liv, må du setje grenser. Du må seie frå kva du vil og ikkje la deg styre av andre.

Alle menneske har eit eige privat område dei sjølv bestemmer over. Den fysiske kroppen vår er ein del av dette området. Ein annan del er tankane, kjenslene og den personlege identiteten vår. Det er vi sjølv som bestemmer kven som skal ta på oss, og kva vi kan ete og drikke. Det er også vi sjølv som bestemmer kven vi inst inne vil vere.

Grensene våre er der for å verne dette eigne personlege området vi sjølv har råderett over. Du kan tenke på grensene som eit gjerde du set opp rundt ein eigedom. Gjerdet er ikkje der for å halde alle andre ute, men for at du skal bestemme kven og kva du vil sleppe inn.

Mange ungdommar kan vere redde for å skyve andre vekk når dei set grenser. Dei kan vere redde for å miste venner og ende opp åleine, men stemmer verkeleg det? Når vi set grenser, viser vi andre kven vi eigentleg er. Er det ikkje mykje lettare å vere venn med nokon du kjenner på ekte og verkeleg kan vere trygg på?

Fire ungdommar er samla rundt eit bord. Det er flasker med alkohol på bordet, og to av ungdommane skåler med kvarandre. Ei av jentene kikkar bort frå dei andre og ser usikker ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grensesetjing og rus

Å kunne setje eigne grenser kan vere spesielt viktig når det gjeld rusmiddel. Rusmiddelbruk kan føre til fysiske skadar, negative opplevingar og lågare sjølvkjensle.

Når nokon rusar seg, kan det vere lettare for dei å miste kontrollen, og det er ein klar samanheng mellom bruken av alkohol og vald. Når vi drikk, blir vi dårlegare til å tolke signal frå andre. Vi tråkkar lettare over grensene til andre og blir lettare provoserte av andre.

Det er òg ein samanheng mellom bruken av rusmiddel og seksuelle overgrep. Når nokon er rusa, er det meir sannsynleg at dei utset andre for seksuelle krenkingar og ikkje respekterer grensene deira. Det er òg vanskelegare å ta vare på eigne grenser og verne seg sjølv når vi er påverka av rusmiddel.

Like viktig som å ta vare på eigne grenser er det å respektere grensene til andre. Når vi respekterer andre sine grenser, viser vi samtidig korleis vi sjølv vil bli behandla. Viss vi vil ha fridommen til å bestemme over vårt eige liv, må vi la andre ha fridommen til å bestemme over sitt. Viss du tilbyr nokon eit rusmiddel og dei avslår, må du derfor respektere eit nei som eit nei.

Det er fleire grunnar til at mange kan synast det er vanskeleg å setje grenser i forholdet sitt til rus. Det kan til dømes handle om gruppepress, usikkerheit, nysgjerrigheit eller personlege utfordringar.

Gruppepress

Menneske er sosiale dyr. På same måten som vi er avhengige av luft, mat og vatn for å overleve, er vi avhengige av å kjenne tilhøyrsel og bli likt av dei vi har rundt oss. Det er mange som ikkje ønsker å skilje seg ut. Ungdommar etterliknar andre ungdommar eller prøver å vere som dei vaksne.

Det kan derfor opplevast skremmande å ikkje gjere det same som alle andre. Viss vi opplever at andre rundt oss drikk eller bruker eit ulovleg rusmiddel, kan frykta for å hamne utanfor felleskapen få oss til å tråkke over våre eigne grenser og gjere noko vi eigentleg ikkje har lyst til.

Det kan òg vere lett å få eit inntrykk av at "alle andre" bruker rusmiddel, og at det er veldig vanleg. Forsking viser at ungdommar trur andre ungdommar bruker fleire rusmiddel enn det som faktisk er tilfelle. Ifølge Folkehelseinstituttet bruker berre eit lite mindretal av ungdommar cannabis, men mange ungdommar trur likevel cannabis er veldig utbreidd på vidaregåande. Slike feiloppfatningar kan få oss til å bryte eigne grenser og ruse oss, sjølv om vi ikkje eigentleg har lyst. Viss vi derimot tek eit val og seier nei, gjer vi det samtidig lettare for andre å tore å gjere det same.

Tenk etter: Mange ungdommar som bruker rusmiddel, pressar andre til å gjere det same. Kvifor gjer dei det?

Gutar og jenter i russedressar festar og drikk saman i ein russebuss. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Usikkerheit

For mange ungdommar er rusmiddel noko nytt og ukjend. Samtidig er dei omgitt av mange ulike forteljingar om rus. Foreldre kan seie ein ting om alkohol og ulovlege rusmiddel, mens vennene seier noko heilt anna. Filmar, seriar og sosiale medium er fulle av forteljingar om rusmiddel som ofte seier noko heilt anna enn det du lærer om rus på skulen.

All denne motstridande informasjonen kan skape usikkerheit og gjere det vanskeleg å vite kva som er rett, og kvar vi skal setje våre eigne grenser. Viss du opplever at dei rundt deg seier heilt ulike ting om rus, kan det vere lurt å stoppe opp og spørje deg sjølv kva for kjelder som har mest faktisk kunnskap og er mest truverdige.

Tenk etter: Kva gjer du viss du får høyre heilt ulike ting om hasj, kokain eller MDMA/ecstasy?

Nysgjerrigheit

Mange eksperimenterer med rus fordi dei er nysgjerrige. Ungdommar er ofte meir villige til å ta risiko enn vaksne. Dei vurderer ikkje i like stor grad konsekvensane av det dei gjer, og kan derfor lettare ta impulsive val og tråkke over eigne grenser.

Ei utfordring med rusmiddel er at det kan vere for seint å angre når middelet først er teke. Viss du merkar at du har drukke for mykje, tek det tid før verknaden går over. Viss du prøver eit ulovleg rusmiddel, veit du ikkje kva som vil skje. Du kan få eit heilt anna rusmiddel enn det du forventar. Illegale rusmiddel kan òg variere svært mykje i styrke og innehalde mange farlege tilsetningsstoff.

Tenk etter: Kva får nokon til å ta ei pille dei har bestilt på nettet som dei ikkje veit kva inneheld?

To jenter snortar kokainstriper frå ein mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personlege utfordringar

Nokre ungdommar oppsøker rusmiddel for å sleppe vekk frå vonde kjensler og personlege problem. Viss du har det vanskeleg, kan håpet om å få det litt betre gjere at du bryt eigne grenser. Ønsket om å få ein pause frå problema kan få deg til å prøve eit rusmiddel du elles aldri ville prøvd.

Sjølv om rusen, der og då, kanskje kan kjennast bra, løyser det ingenting. Det finst alltid andre og betre måtar å løyse problem på, og når du først har gjort det til ein vane å løyse vanskar med rus, kan det vere vanskeleg å slutte.

Tenk etter: Viss du får lyst til å ruse deg for å sleppe vekk frå den situasjonen du er i no, kva kan du gjere i staden?

Korleis setje eigne grenser?

Det er fleire ting du kan gjere for å setje gode og trygge grenser for deg sjølv. For det første kan det vere lurt å tenke gjennom situasjonar der du kan møte på rusmiddel på førehand. Viss du skal på fest, kan du bestemme deg på førehand for om du vil drikke og eventuelt kor mykje.

Det kan òg vere lurt å førebu seg på situasjonar der grensene dine kan bli utfordra. Tenk gjennom kva du vil seie viss nokon til dømes tilbyr deg ei pille eller eit anna ulovleg rusmiddel. Kva kan du seie og gjere i denne situasjonen?

Viss du er usikker på eigne grenser, bør du snakke med nokon du stoler på, til dømes venner, familie, helsesjukepleiar eller nokon andre. Det er lettare å ta vare på eigne grenser viss du veit du har støtte blant dei rundt deg. Du kan òg lytte til råd frå dei som verkeleg har kunnskap om rusmiddel. RUSinfo har til dømes laga nokre tips til korleis du kan få ei betre oppleving med alkohol på fest. Dette er tips som ikkje berre vil gjere at du har det morosamare på fest, men dei kan òg hjelpe deg til å ta vare på eigne grenser.

Drikkevitreglane
  1. Planlegg før du skal ut og drikke: Tenk gjennom kor mykje du vil drikke og kva du vil drikke, og forsøk å halde deg til det!

  2. Avgrens inntaket av brennevin/sprit. Dropp shotting!

  3. Et godt før du drikk og ikkje drikk på tom mage. Drikk du på tom mage, aukar risikoen for å miste kontrollen.

  4. Ikkje drikk for fort! Ta eit glas vatn, jus, eller anna alkoholfri drikke mellom kvar eining alkohol du drikk.

  5. Bruk erfaringane dine! Vi er alle ulike og toler ulike mengder alkohol.

  6. Hugs at kvinner vanlegvis toler mindre alkohol enn menn.

  7. Ikkje gå åleine, men avtal på førehand med ein venn. Kjenner du at du blir så rusa at du vil ha problem med å ta vare på deg sjølv, er det greitt å vite at nokon held eit auge med deg og eventuelt følger deg trygt heim.

  8. Det er inga skam å tole minst! Ikkje la deg bli riven med i konkurransen om å tole mest.

  9. Vis respekt for alkohol og verknaden av alkoholen. Vald, aggresjon, hemningslaus åtferd og ulykker skjer ofte i rusa tilstand.

  10. Ver rusta til å tole alkohol. Er du sjuk, stressa, har sove dårleg eller bruker medisinar, toler du mindre alkohol enn når du er frisk og utkvilt.

  11. Set deg eit langsiktig mål. Kanskje vil du ha ein kvit månad? Får du det ikkje til første gongen, prøv igjen!

  12. Lytt til erfarne folk. Har du spørsmål, kontakt RUSinfo på telefon 915 08588, chat med dei eller send dei spørsmål på heimesida deira.

Kjelde: RUSinfo (u.å.) Drikkevettreglene. fakta-om-rusmiddel/fakta-om-alkohol/drikkevitreglane/

Kontakt

Viss du har behov for meir informasjon om rusmiddel, er usikker på eigne grenser eller har opplevd å bryte eigne eller andre sine grenser, finst det mange du kan kontakte og snakke med.

RUSinfo er ein informasjonstelefon der du kan få meir informasjon om rusmiddel. Det finst òg fleire andre instansar du kan snakke med på skulen eller utanfor. Her er to artiklar med lister over stader du kan få hjelp:

Denne artikkelen er skriven i samarbeid med RUSinfo.

Kjelder

Ekeberg, V. (2016, 5. desember). Integritet som moralsk relevant fenomen. Salongen. Nettidsskrift for filosofi og idehistorie. https://www.salongen.no/dyd-dydsetikk-fenomenologi/integritet-som-moralsk-relevant-fenomen/148742

Folkehelseinstituttet. (2022, 18. februar). Ungdom flest bruker ikke cannabis. https://www.fhi.no/nyheter/2022/ungdom-flest-bruker-ikke-cannabis/

Telneset, M. (2022, 4. juli). Hvorfor er det så viktig å sette grenser? Vekst psykologtjenester. https://vekstpsykolog.no/sett-grenser/

Ung.no. (2022, 1. desember). Sett dine egne grenser og respekter andres. https://www.ung.no/overgrep/3656_Sett_dine_egne_grenser.html

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2023

Læringsressursar

Kjønn, seksualitet, kropp og grensesetjing