Kven kan du snakke med utanfor skulen? - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kven kan du snakke med utanfor skulen?

Kven kan du snakke med viss du møter på personlege utfordringar mens du går på vidaregåande? Det finst mange tilbod til deg som treng informasjon eller nokon å prate med.

Viss du møter på ei utfordring mens du går på vidaregåande, er det viktig å ha nokon å snakke med og finne riktig informasjon. Mange får hjelp av familie og vener, men ofte kan ein òg ha behov for nokon andre å snakke med.

Her har vi laga ei oversikt over nokon at dei nettstadene du kan oppsøkje for å finne informasjon og nokon å snakke med. Hugs at viss det du står overfor er eit akutt og livstruande problem, må du alltid ringje 113.

Det er ikkje alltid du finn nokon å snakke med eller den informasjonen du treng på første forsøk. Då er det viktig å ikkje gi opp, men prøve igjen.

Kven kan du snakke med, og kvar kan du finne informasjon?

Hjelpetelefonar og nokon å snakke med

Alarmtelefonen for barn og unge Her kan du ringje eller chatte viss du opplever ein vanskeleg situasjon og er bekymra for deg sjølv eller andre.

Hjelpetelefonen til mental helse Døgnåpen og anonym telefonteneste viss du treng nokon å snakke med.

Kors på halsen Her kan du ringje eller skrive med ein vaksen som er frivillig i Røde kors.

Kirkens SOS Døgnåpen telefon, chatte- og meldingsteneste viss du treng nokon å snakke med.

Generell informasjon for ungdom

Ung.no Dette er staten sin informasjonskanal retta mot ungdom. Her finn du kvalitetssikra info om mange ulike tema som helse, økonomi, utdanning, fritid, samfunn og rettar.

Fysisk og psykisk helse

Fastlegen kan svare på alle spørsmål som har med helsa di å gjere, og kan vise deg vidare viss det er behov for det.

Legevakta kan hjelpe deg med akutte spørsmål om helsa di når fastlegekontoret er stengd. Treng du umiddelbar hjelp, ringjer du 113.

Helsenorge.no Helsedirektoratets informasjonsside. Her finn du informasjon om fysisk og psykisk helse.

Sex og samfunn. Dette er senter for seksuell og reproduktiv helse og rettar. Her kan du finne informasjon om sex, seksualitet og seksuell helse.

Helsestasjonen for ungdom er eit gratis tilbod for ungdom mellom 13–21 år. Her kan du stille spørsmål til ei helsesøster eller lege med teieplikt. Dei kan gi deg råd om fysisk og psykisk helse. På helsestasjonen for ungdom kan du til dømes få råd om stress, seksualitet, mobbing, mistanke om graviditet, prevensjon, testing av kjønnssjukdommar, eting, mistrivsel, tungsinn osb.

Sidemedord.no Her kan du sende inn anonyme spørsmål eller dele tankar og kjensler med andre brukarar og tilsette rettleiarar.

Ung.no. Still spørsmål eller søk blant 275 000 ulike svar på spørsmål frå ungdom.

ROS Rådgiving om spiseforstyrrelser

Diabetslinjen Her kan du stille spørsmål om diabetes.

Samisk nasjonal kompetanseteneste – psykisk helsevern og rus

Giftinformasjonen Gir råd og hjelp ved akutt forgifting.

Mental helse ungdom

Unge funksjonshemma

Angstringen

Spiseforstyrrelsesforeningen

Bipolarforeningen

Landsforeningen for hjarte og lungesjuke

Graviditet, sex og seksualitet

Amathea Råd til ufrivillige gravide.

Sex og chatten i samfunn Her kan du stille spørsmål om sex, seksualitet og seksuell helse.

Sex og samfunn. Dette er senter for seksuell og reproduktiv helse og rettar. Her kan du finne informasjon om sex, seksualitet og seksuell helse.

Helsestasjonen for ungdom er eit gratis tilbod for ungdom mellom 13–21 år. Her kan du stille spørsmål til ei helsesøster eller ein lege med teieplikt. Dei kan gi deg råd om fysisk og psykisk helse. På helsestasjonen for ungdom kan du til dømes få råd om stress, seksualitet, mobbing, mistanke om graviditet, prevensjon, testing av kjønnssjukdommar, eting, mistrivsel, tungsinn osb.

Fastlegen kan svare på alle spørsmål som har med helsa di å gjere og vise deg vidare viss det er behov for det.

Helsestasjonen for kjønn og seksualitet Dette er eit lågterskeltilbod for alle mellom 0–30 år som vil snakke om tema knytte til LHBT+.

Kjønn og identitet

Ungdomstelefonen Her kan du stille spørsmål om kjønn, seksualitet og identitet.

Ichatten.no Chat om kjønnsidentitet.

Skeivchat Her kan du chatte anonymt med unge skeive.

Skeiv ungdom

Helsestasjonen for kjønn og seksualitet Dette er eit lågterskeltilbod for alle mellom 0–30 år som vil snakke om tema knytte til LHBT+.

Rus og avhengnad

Hjelpelinja Her kan ringje eller chatte om problem med avhengnad av pengespel og dataspel.

Giftinformasjonen Gir råd og hjelp ved akutt forgifting.

Rustelefonen Her kan ringje, chatte eller sende melding viss du har spørsmål om rus og rusmiddel.

Dopingkontakten Her kan du ringje, chatte eller sende melding viss du har spørsmål om kropp, trening og doping.

Snus og røykeslutt Informasjon viss du ønskjer å slutte å røykje eller snuse.

Vald, tvang, mobbing og overgrep

Alarmtelefonen for barn og unge Her kan du ringje eller chatte viss du opplever ein vanskeleg situasjon og er bekymra for deg sjølv eller andre.

Kors på halsen Her kan du ringje eller skrive med ein vaksen som er frivillig i Røde kors.

Sidemedord.no Her kan du sende inn anonyme spørsmål eller dele tankar og kjensler med andre brukarar og tilsette rettleiarar.

Jentevakta Ein anonym chat- og telefonteneste for unge jenter.

Raude Kors-telefonen for tvangsekteskap og kjønnslemlestelse

Snakkommobbing.no Anonym chattetjeneste der du kan stille spørsmål til ein fagperson om mobbing.

Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte. Her kan du ringje anonymt viss du har spørsmål eller treng å snakke med nokon om seksuelt misbruk.

Overgrepsmottak Her kan du ta kontakt ved valdtekt eller andre seksuelle overgrep.

Senter for seksuelt misbrukte menn Her kan du ta kontakt viss du er mann og har blitt utsett for seksuelle overgrep.

Barneombodet

Dixi Landsforeningen for valdtekne

Kirkelig ressurssenter mot seksuelle overgrep Senteret tilbyr samtalar til personar som er utsette for seksuelle krenkingar, overgrep og vald. Det er òg tilbod om samtalar for pårørande/nærståande.

Nok.–sentrene Sentera har eit tverrfagleg, gratis lågterskel-hjelpetilbod til personar som er utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande. Dei rettleiar òg lærarar, helsepersonell og øvrige fagpersonar i spørsmål som omhandlar incest og seksuelle overgrep.

Krisesentertilbudet Dette er eit tilbod til personar som er utsette for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre dei har eit nært forhold til. Sentera tilbyr beskyttelse, tryggleik, råd og rettleiing til kvinner, menn og barn.

Foreldre, kjærast eller vener med utfordringar

Unge pårørande Her kan du stille spørsmål viss du har vener, søsken, foreldre eller kjærast som er fysisk eller psykisk sjuke.

I fengsel. Ein chat for barn og unge med foreldre i fengsel.

Barsnakk Her kan du stille spørsmål viss du er barn av ein rusmisbrukar.

Ivareta.no Her kan du snakke med nokon om å ha foreldre eller søsken som rusar seg.

LEVE Landsforeningen for etterlatte ved sjølvmord

Skule og utdanning

Utdanning.no Informasjon om utdanning og yrkesval.

Vilbli.no Dette er ei informasjonsteneste om vidaregåande opplæring. Her finn du info om ulike skular og utdanningsretningar.

Oppfølgingstenesta (OT) Oppfølgingstenesta rettleier og hjelper ungdom som ikkje er i opplæring eller arbeid.

Elev- lærling- og mobbeombudene Omboda hjelper elevar i vanskelege situasjonar. Du kan spørje dei om rettane og pliktene dine, og dei arbeider mellom anna med å forhindre mobbing, trakassering, diskriminering og vald.

Rettshjelpa Her kan du ta kontakt med Elevorganisasjonen viss du har spørsmål om rettane dine som elev og lærling.

Utdanningsavdelingane i fylka. Dei kan svare på spørsmål om eksamen, dokumentasjon, kvalitet, vidaregåande opplæring for vaksne og klage på karakterane.

Lånekassen.no

Forsvaret.no

Arbeid, økonomi og rettar

Rettstelefonen Her kan du få gratis info om kva for juridiske rettar du har.

Økonomilappen Informasjon om personleg økonomi.

Arbeidstilsynet Informasjon om rettar og plikter i arbeidslivet.

Arbeidslivstelefonen Her kan du spørje om fysiske og psykiske problem på jobb og lover og reglar for arbeidstakarar.

LO Noreg Informasjon om rettar i arbeidslivet.

LO Sommerpatrulje Informasjon om rettar når du har sommarjobb (open i sommarhalvåret).

Forbrukarrådet

Kjelder

Skuleprogrammet VIP. (2017) Sånn er livet. Elevhefte til gjennomføring av VIP.

Ung.no (2020, 21 april) Oversikt over gode hjelpetenester. Henta frå https://www.ung.no/oss/#hjelp

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2020