Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Grensesetjing

Det å setje grenser for deg sjølv, kroppen din og seksualiteten din er ikkje alltid like enkelt. Kvar går grensene for deg, og kvar går grensene for lova?
Ei mannshand held på ein rumpe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Kvifor kan det av og til vere vanskeleg å setje grenser når det gjeld kropp og seksualitet? Nemn tre døme på situasjonar der grensesetjing kan vere eit problem.
  2. Stadig fleire unge ser porno, og dei ser det i ung alder. Korleis kan porno påverke korleis unge ser på sex, og kvar grensene går for kva som er greitt, og kva som ikkje er greitt?

Oppgåve 2

Lova seier mellom anna at det ikkje er lov å sende seksualiserte bilete til nokon under 16 år, eller til nokon over 16 år som ikkje har gitt samtykke til det.

Ei undersøking frå Medietilsynet viser at fire av ti norske 13–18-åringar har fått tilsendt nakenbilete.

  1. Kvifor trur du ungdommar sender kvarandre nakenbilete?
  2. Kva konsekvensar kan nakenbilete få for dei som sender og får dei?
  3. Trur du mange ungdommar melder nakenbilete til politiet? Kvifor/kvifor ikkje?
  4. Diskuter på kva andre område ungdom bryt lova når det gjeld kropp og seksualitet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2020

Læringsressursar

Kjønn, seksualitet, kropp og grensesetjing