Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-NC-SA

Mange ungdommar opplever drikkepress, og det kan vere utfordrande å setje eigne grenser i møte med rusmiddel.

I denne læringsstien skal du

  • få kunnskap om korleis du kan setje dine eigne grenser, og kvifor grensesetjing er viktig
  • reflektere over kvifor somme ungdommar presser andre til å bruke rusmiddel, og kvifor det kan vere vanskeleg å stå imot
  • diskutere kva ungdommar kan gjere for å stå imot press og setje sine eigne grenser

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet rus og grenser.

Læringsstien er laga i samarbeid med RUSinfo, som er ei offentleg informasjonsteneste om rusmiddel.