Hopp til innhald
Oppgåve

Å bryte normer knytte til kjønn og seksualitet

Det å bryte kjønnsnormer anten i form av seksualitet eller kjønnsuttrykk er stadig meir akseptert i samfunnet i dag, men mange møter likevel fordommar og diskriminering.

Oppgåve 1

  1. Diskuter korleis det er å "komme ut" eller stå fram som forskjellig enn fleirtalet når det gjeld kjønn og seksualitet. Kva trur de kan vere det aller vanskelegaste?
  2. Korleis er det på skulen din eller i lokalmiljøet ditt? Er det eit miljø der det er akseptert og trygt å vere noko anna enn heterofil gut eller jente? Kvifor/kvifor ikkje?

Oppgåve 2: Alt om min far

Sjå dokumentarfilmen Alt om min far. Filmen handlar om Esben Esther Pirelli Benestad. Pirelli Benestad er ein av få opne transpersonar i Noreg. Han er ein far som oppfattar seg sjølv som både kvinne og mann. Filmen er regissert av sonen, Even Benestad.

Filmen er over litt over 1 time lang. Viss du ikkje rekk å sjå heile, kan det vere greitt å sjå frå ca. 23 minutt uti filmen og 20 minutt fram.

  1. Pirelli Benestad snakkar om "overflate" når det gjeld kjønnsuttrykk. Kva meiner hen med det?
  2. Filmen tek opp vanskelege spørsmål, som forskjellen på det vere ein mann som som kler seg som ei kvinne, og det å vere ein mann som også er ei kvinne. Kva er forskjellen, trur du?
  3. Handlar kjønn mest om subjektive kjensler, biologi og medfødde forskjellar, eller om normene og kulturen i samfunnet? Grunngi svaret.
  4. Korleis ville du sjølv reagert om nokon i den næraste familien din eller omgangskrins ønskte å bryte kjønnsnormene så tydeleg som Espen gjer når han blir til Esther Pirelli? Kvifor trur du at du ville reagert slik?
  5. Kva betyr det å akseptere at nokon er annleis når det gjeld kjønn og seksualitet? Nemn minst to konkrete døme.