Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Drikkepress

Kvifor drikk du ikkje? Det er eit spørsmål mange kan få på fest. Kvifor oppfordrar så mange ungdommar andre til å drikke, og kva kan vi gjere for å skape mindre drikkepress?

Oppgåve 1. Drikkepress

Diskuter med ein medelev før du ser filmen:

  1. Kva er drikkepress?

  2. Er det drikkepress på skulen din og i miljøet ditt? Finn gjerne nokre konkrete døme.

Oppgåve 2. Kvifor drikk du ikkje?

Sjå filmen og svar på spørsmåla:

  1. Kva er det som skaper størst drikkepress, trur du?

  2. Er det vanleg å spørje nokon om kvifor dei ikkje drikk på fest der du bur? I kva grad tenker du at slike spørsmål er med på å skape drikkepress?

  3. Fell du utanfor festen viss du ikkje drikk? Kvifor \ kvifor ikkje?

  4. Kvifor prøver nokre ungdommar å presse andre til å drikke?

  5. Er det lettare å seie nei til nokon typar rusmiddel enn andre viss dei blir tilbodne på fest? Kvifor \ kvifor ikkje?

  6. Kva kan du sjølv gjere for å stå imot drikkepress?

  7. Kva kan vi gjere saman for å skape eit miljø med mindre drikkepress?

Oppgåve 3. Når er det vanskeleg å seie nei?

Denne oppgåva har blitt laga i samarbeid med RUSinfo.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2023

Læringsressursar

Kjønn, seksualitet, kropp og grensesetjing