To fotoforteljingar frå Afrika
Bilete 1: Krigsoffer – samfunnsmessig kontekst
Liberia er Afrikas eldste uavhengige republikk. Landet har aldri vore underlagt noka kolonimakt. I nyare tid har Liberia vorte ramma av to usedvanleg brutale borgarkrigar, først i perioden 1989 til 1997 og deretter i perioden 1999 til 2003. Mange barn som deltok i kampane som barnesoldatar, vart merka for livet.
Analyser biletet av eit krigsoffer i Liberia
Beskriv det du ser på biletet – motiv, positur, komposisjon, fokuspunkt, linjer og fargar.
Tolk det du ser. Kva historie fortel dette biletet?
Bilete 2: Diana i Angola – samfunnsmessig kontekst
I januar 1997 drog den britiske prinsessa Diana til Angola på oppdrag for den britiske Raudekrossen. Føremålet var å setje søkjelyset på behovet for midlar til minerydding. Under oppdraget vart Diana avbilda med skotsikker vest og hjelm på veg gjennom farlege minefelt. Men det mest ikoniske biletet viser Diana i samtale med unge mineoffer.
Angola var portugisisk koloni fram til den såkalla nellikrevolusjonen i 1974. Etter at landet vart sjølvstendig, braut det ut borgarkrig mellom rivaliserande grupperingar. Den brutale borgarkrigen varte heilt fram til 2002 og vart forsterka av at også stormaktene blanda seg inn.
Analyser biletet av Diana i Angola
Beskriv det du ser på biletet – motiv, andletsuttrykk, positur, komposisjon, blikkretning, linjer og fargar.
Tolk det du ser. Kva historie fortel dette biletet?
Trur du det er forskjell på di oppfatning av biletet i dag og den oppfatninga britar flest hadde av biletet i 1997? Grunngi svaret.
Analyser dei to bileta i lys av ein postkolonialistisk diskurs og teoriar om kvite privilegium.
Relatert innhald
Korleis har tekstar og andre kulturuttrykk forma eit syn på verda der Vesten står for sivilisasjonen og resten av verda er underutvikla?