Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet Tekstanalyse av medieuttrykk
Har du fått med deg det viktigaste frå emnet Tekstanalyse av medieuttrykk? Gjer ei eigenvurdering!
Kan du svare ja på alle spørsmåla nedanfor, har du god oversikt over emnet.
Eg kjenner til ulike analysemetodar og kan bruke metodane for å analysere og vurdere eigne og andre sine tekstar.
Eg kan forklare omgrepa "tekst" og "det utvida tekstomgrepet".
Eg kan skilje mellom tolking og analyse.
Eg kan bruke forteljeteoriar.
Eg kan forklare omgrepet multimodalitet.
Eg kan gjennomføre ein biletanalyse.
Eg veit korleis eg gjer ein diskursanalyse.
Eg kjenner til omgrepet semiotikk og semiotisk analyse.
analyse
det utvida tekstbegrepet
diskurs
forteljeteoriar
kvalitativ tekstanalyse
kvantitativ tekstanalyse
multimodale tekstar
narrativ diskurs
resepsjonsteori
retorikk
semiotikk
sjanger
sjangerteori
tekstanalyse
tolking