Hopp til innhald

Fagstoff

Medietekstar og tekstanalyse

Når vi bruker ordet "tekst", tenkjer vi som regel på skriftlege tekstar. Men tekstar er òg andre uttrykk der teikn er sette saman til ein meiningsberande heilskap. Dette utvida tekstomgrepet omfattar derfor alle typar medietekstar. Tekstanalyse er ei systematisk undersøking av ein tekst.

Kva er ein tekst?

Ein heilt sentral eigenskap ved ein tekst er at han består av fleire teikn som er "vovne" saman etter eit meir eller mindre fast eller bestemt mønster til eit større og samanhengande stykke.

Ein skriftleg tekst er sett saman ved hjelp av bokstavar, ord og setningar. Ein film er sett saman av bilete og lydar som blir spelte av i ei bestemt rekkjefølgje.

Ser vi på det latinske opphavet til omgrepet, blir denne betydninga tydelegare. Tekst kjem nemleg av det latinske ordet textum, som betyr "samanvove" eller "samanfletta".

Eit anna viktig trekk ved ein tekst er at han har eit betydningsinnhald som gir meining for den som ser, les eller høyrer teksten.

Det utvida tekstomgrepet

Det utvida tekstomgrepet omfattar alle former for meiningsberande heilskapar. Både ein roman, ein film, ein samtale og eit bilete på Snapchat kan derfor kallast ein tekst.

I nokre tilfelle kan klede, kunst og arkitektur fungere på same måte. Også slike uttrykk er sette saman av mindre bitar etter faste normer og reglar, og dei kan derfor romme ei meining for den som studerer desse uttrykka.

Multimodale tekstar

Medietekstar er ofte sette saman av fleire eller uttrykksformer. Ein film består til dømes av både bilete, musikk, tale og skrift. Ein vekebladreklame består av skriftlege tekstar og eitt eller fleire bilete. Nettsider inneheld òg ulike uttrykksformer.

Tekstar som er sette saman av ulike uttrykk, kallar vi samansette eller multimodale tekstar.

Medietekstar og sjangrar

Nokre gonger har vi behov for å seie meir presist kva teksttype det er snakk om. Når tekstar har mange fellestrekk, seier vi gjerne at dei høyrer til same . Sjangrane er tilpassa bestemte situasjonar og føremål og har ofte ei karakteristisk form. Medietekstar blir vanlegvis delte inn i sjangrar ut frå form og funksjon, men ofte òg ut frå innhald.

Døme på medietekstar:

  • fotografi

  • avisreportasjar

  • realityseriar

  • spelefilmar

  • nyheitssendingar på radio

  • Facebook-innlegg

  • videobloggar

Tekstanalyse av medietekstar

Tekstanalyse er ei systematisk undersøking av ein tekst ved hjelp éin eller fleire metodar. Når vi undersøkjer medietekstar, bruker vi ofte omgrepet medieanalyse. Men medieanalyse kan òg vere ei undersøking av ulike medium.

Døme på analyse av medietekstar:

  • ein semiotisk analyse av eit kunstfotografi

  • ein narratologisk analyse av ein kortfilm

  • nærlesing av ein leiarartikkel i ei regionavis

  • ein retorisk analyse av kommentarfelt i sosiale medium

  • ein diskursanalyse av ein fjernsynsdokumentar


Ofte vel vi å bruke fleire analysemetodar på éin og same medietekst. I ein biletanalyse eller ein filmanalyse kan du utforske tekstar på ulike måtar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2022

Læringsressursar

Tekstanalyse av medieuttrykk