Dokumentarfotografen sitt blikk på verda
Etter 2. verdskrig samla mange av dei dyktige fotografane seg i biletbyrået Magnum. Byrået blei stifta av dei berømte fotografane Robert Capa og Henri Cartier Bresson etter andre verdskrig.
Finn ut kva og kven følgjande er, gjennom søk på nett:
- National Geographic
- Times Magazine
- Magnum
- Robert Capa
- Henri Cartier-Bresson
Å vere fotograf for Magnum er noko av det største du kan bli som nyheits- og dokumentarfotograf. Det er berre éin norsk fotograf som er med her, Jonas Bendiksen. Han har gjort spennande prosjekt over heile verda.
Jonas Bendiksen reiste blant anna til Russland i tida etter Sovjetunionens fall. Her fanga han restane av det kommunistiske Sovjet. Han besøkte ikkje sentrum, Moskva, men utkantane der samfunn har gått i stå.
Artikkel om Jonas Bendiksen og boka Satelitter på Magnum.
- Kva synest du kjenneteiknar fotoblikket til Jonas Bendiksen?
- Korleis formidlar han sitt blikk på verda?
- Vel eit bilete og fortel kva du ser i det.
- Del biletet og tankane dine med andre i klassen.
Vel ein magnumfotograf og studer bileta. Lag ein presentasjon på 5-10 minutt og presenter for klassen.
- Ha fokus på tema i bileta til fotografen, og korleis desse blir formidla.
- Sei noko om fotografen sine arbeidsmetodar.
- Gjer ein næranalyse av to eller tre bilete.
- Svar gjerne på spørsmålet: Kva er denne fotografen sitt blikk på verda?
Korleis brukar fotografen fototeknikk i formidlinga si? - Læraren kan organisere elevmedvurdering.