Orda madonna kjem frå italiensk og er sett saman av orda "ma" (min) og "donna" (frue). Omgrepet blir oftast brukt om framstillingar av jomfru Maria, Jesu mor. Men i overført tyding blir det òg brukt om framstillingar av reine og uskuldige unge kvinner.
Oppgåve 1: Studer eit tradisjonelt madonna-måleri
Studer oljemåleriet La Virgen de los Reyes Católicos (på norsk: Jomfrua til dei katolske monarkane). Biletet vart måla av Fernando Gallego ca. 1490 og er i det berømte Prado-museet i Madrid.
Klikk på biletet for meir informasjon om dei ulike delane av motivet.
Korleis framstiller målaren madonnaskikkelsen (jomfru Maria) i dette biletet?
Korleis er dette biletet komponert (balanse, linjer, gjentakingar)? Kva fortel komposisjonen?
- Kva er i forgrunnen? Kvifor er nettopp desse elementa plassert der?
- Kva er i mellomgrunnen? Kvifor er nettopp desse elementa plassert der?
- Kva er i bakgrunnen? Kvifor er nettopp desse elementa plassert der?
- I biletet finn vi eit samspel mellom varme og kalde fargar. I kva delar av biletet er det brukt kalde fargar? Kvifor?
- Jomfru Maria har purpurraud kappe. Kva symboliserer denne raudfargen?
- Beskriv alle symbola du finn i biletet, og forklar kva symbola betyr.
- Kva er forskjellen på ein allusjon og ein allegori? Kva må du kjenne til for å forstå bodskapen i dette biletet?
- Kva fortel dette biletet om det samfunnet og den tidsperioden biletet vart til i?
Oppgåve 2: Studer eit scenebilete av artisten Madonna
Artisten Madonna flørtar med religion og sex. Du kan sjå eit dårleg amatøropptak frå konserten i Las Vegas i 2008 på YouTube:
Madonna Sticky and Sweet Tour Las Vegas Live.
- Studer scenebiletet av artisten Madonna i Las Vegas i 2008. Kva sider ved kvinnerolla blir framheva i dette biletet?
- Beskriv alle symbola du finn i biletet av artisten Madonna, og forklar kva symbola betyr.
- På kva måte er biletet av artisten Madonna både ein allusjon og ein kontrast til klassiske madonnabilete?
Kva er bodskapen i biletet av artisten Madonna?
Kva fortel dette biletet om verdiar og livssyn i det samfunnet og den tidsperioden biletet vart til i?
Oppgåve 3: Les artikkel og diskuter
Les Nina Selvik sin fagartikkel på Kjønnsforskning.no: Hore og madonna.
Diskuter i klassen: Er artisten Madonna ein opprørsk feminist, eller speler ho kynisk på sex og religion for å selje musikken sin?