Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskursanalyse av serien 17

NRK3s ungdomsserie 17 er ei medieforteljing om det å vere 17 år i Noreg, og om det å vekse opp i eit fleirkulturelt miljø på austkanten i Oslo. Bidreg slike seriar til respekt og forståing, eller fremjar dei stereotypiar og fordommar?

NRK3s ungdomsserie 17 frå 2018 er ei medieforteljing om det å vere 17 år og minoritetsungdom på austkanten i Oslo. Den norsk-somaliske guten Abdi bruker fritida til å henge med kompisane sine. Både han og bestekompisen, norsk-tyrkiske Emrah, er småkriminelle.

Abdi blir sliten mellom å vere ein god muslim og ein heilt vanleg norsk tenåring, og kjenner ikkje at han lever opp til forventningane verken heime, på skulen eller blant venene.

Du kan sjå heile serien 17 på NRK Skole.

Oppgåve 1

Medieforskaren Elisabeth Eide deler norske medieforteljingar om minoritetar inn i seks kategoriar:

  • "vi" (majoriteten) som trussel mot "dei andre"

  • "dei andre" som trussel mot "oss" (majoriteten)

  • "dei andre" som problem i "eigne rekkjer"

  • "det fargerike fellesskapet"

  • "dei andre" som ressurspersonar

  • eit større "vi", normalisering

    1. Kva for kategori(ar) vil du seie at denne ungdomsserien høyrer heime i? Grunngi svaret.

    2. Er dette først og fremst ein serie om ungdommar med minoritetsbakgrunn, eller er det ein serie om det å vere 17? Reflekter over dette spørsmålet saman med ein klassekompis.

Oppgåve 2

Nora Ibrahim har produsert ungdomsserien 17. Les teksten ho har skrive om mediemangfald i boka Third Culture Kids, "Et sterkere vi".

Korleis meiner ho medieforteljingar som 17 kan bidra til å skape eit sterkare «vi» i Noreg?

Oppgåve 3

For NRK og prosjektleiar Nora Ibrahim var det viktig at 17 år gamle gutar i Groruddalen skulle kjenne seg igjen i serien. Serien skulle vere så realistisk at historia kunne vore sann, elles ville ikkje innhaldet treffe målgruppa.

I ei TV-melding i Dagbladet hevdar Amanda Schei at NRKs ungdomsserie 17 fungerer meir som eit slags politisk innlegg i debatten som føregår om ungdomskriminalitet i Oslo og multikulturalisme, enn som lettbeint og tankevekkjande underhaldning.

I eit debattinnlegg i VG skriv komikaren Amir Shaheen følgjande:

Det jeg føler NRK gjør nå er å skape mer fremmed frykt og sette disse ungdommene i dårlig lys. Dere fremstiller dem som idioter uten ambisjoner og drømmer. Dere forteller andre ungdommer hvor lett det kanskje er å gå "BIG", hvor lett det er å selge dop, hvor enkelt du kan si opp jobben din og gå den retningen.

Drøft desse utsegnene i klassen. Har NRK og Nora Ibrahim lykkast med prosjektet sitt? Har kritikarane rett, eller har dei ikkje fatta poenget med denne medieforteljinga?

Kjelde

Eide, E. (2011, 23. november). Hvordan speiler mediene mangfold? [Paperpresentasjon]. Kartellkonferansen, Gol. https://slideplayer.no/slide/1956768/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2022

Læringsressursar

Tekstanalyse av medieuttrykk