Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyser eit dataspel

Analyser dei ulike elementa spelet består av, og korleis samspelet mellom desse utgjer ei heilskapleg speloppleving.

Vel eit dataspel som du har tilgang til å spele, og gjer ein analyse av det med utgangspunkt i desse punkta frå artikkelen "Korleis analyserer vi dataspel?" Det er ikkje alle punkta som passar til alle spel, så du må velje ut dei punkta som er relevante for analysen av spelet du skal analysere.

Du kan òg lese meir om spel i artikkelen "Kva kjenneteiknar dataspel?".

Bruk gjerne dette analyseskjemaet i Word til å gjere notat når du arbeider med analysen:

Filer

Presenter analysen i form av ein skjermvideo der du speler spelet, og kommenterer dei ulike elementa i spelet mens du viser det på skjermen din.

Korleis ta skjermopptak

Du kan bruke programvara OBS Studio til dette, ho krev innlogging, men er gratis.

Du kan òg veldig enkelt gjere skjermopptak i PowerPoint. Sjå video på YouTube om korleis du tek skjermopptak i PowerPoint.

Innleiing

Presenter spelet med opplysningar om sjanger, kven som har laga spelet, og når spelet kom ut.

I innleiinga lagar du òg ei fin ramme for analysen ved å seie noko generelt om dataspel som tekstkultur, eller tekstkulturen som spelet ditt inngår i.

Miljøet i spelet

Beskriv dei ulike elementa som utgjer miljøet i spelet, og beskriv kva slags funksjon eller verknad dei ulike elementa har. Hugs døme!

  • Visuelle element: karakterdesign, bakgrunnar, objekt, menyar, landskap, fargar, mønster, videosekvensar, skrifttypar og layout, symbol og visuelle referansar til andre spel eller andre tekstar

  • Auditive element: musikk, stemmebruk, lydeffektar

  • Narrative element: Nokre spel har handling presentert gjennom mellom-titlar, dialog og video-sekvensar (cutscenes). Utviklinga til karakterane i løpet av spelet kan òg utgjere eit narrativ, ei forteljing, sjølv om dette ikkje gjeld alle typar spel.


Spelaren i miljøet

Beskriv spelbarheita, dei ulike måtane du som spelar bruker miljøet i spelet, og forklar kva slags funksjon eller verknad dei ulike sidene ved spelbarheita har. Hugs døme!

  • Spelbarheit: Kven speler du som i dette spelet? Kva slags eigenskapar har du? Kva slags oppgåver eller utfordringar må spelaren løyse? Speler du med andre? Korleis samhandlar de? Korleis er flyt og tempo i spelet? Kan du bevege deg fritt i spelmiljøet, eller blir du tvinga inn i eit bestemt spor?

  • Spelmekanikk: Kva slags metodar eller moglegheiter har du til å interagere med spelet? Springing, hopping, skyting, bygging og klatring er døme på spelmekanikkar.

  • Samspelet mellom spelaren og miljøet: Kva faktorar er med på å skape innleving i spelet? Kva slags perspektiv på handlinga har du som spelar? Er det eit såkalla førstepersons-spel, der du opplever spelet gjennom auga til karakteren du speler som? Eller ser du karakteren du speler som, utanfrå?

  • Immersivitet: Skapar dei visuelle elementa ei truverdig simulering av røynda? Får du fysiske tilbakemeldingar gjennom kontrollaren? Er lydeffektane med på å understreke rørslene dine?

  • Oppleving: Kva slags kjensler blir vekte i deg som speler gjennom interaksjonen med miljøet?

Drøfting

  • Korleis vurderer du den heilskaplege speleopplevinga skapt av samspelet mellom alle dei ulike elementa i spelet?

  • Diskuter òg spelet med eit kritisk blikk der det er relevant, til dømes ut frå kva slags verdiar og ideal spelet formidlar når det gjeld, vald, kjønn, kropp og identitet.

Avslutning

Her samlar du trådane frå analysen og oppsummerer di vurdering av spelet.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2021

Læringsressursar

Tekstanalyse av medieuttrykk