Hopp til innhald

Fagstoff

Intensjon og multimodalitet i medietekstar

Lær å undersøkje medietekstar på ein systematisk måte! Bruk kunnskap om konteksten når du skal tolke teksten, og avdekk strategiane, modalitetane og verkemidla forfattaren har brukt for å formidle bodskapen sin. Kvar gong du analyserer ein medietekst, styrkjer du mediekompetansen din.
Kvinne som ser gjennom forstørringsglas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei overordna tilnærming

I denne artikkelen presenterer vi ei overordna tilnærming til medietekstar. Ho går ut på å sjå på konteksten og strategiane i ein medietekst for å avdekkje og forklare kva intensjonar forfattar og avsendar har med han. Som ei hjelp i analysen bruker vi konkrete spørsmål til konteksten og teksten.

Spørsmål til konteksten

  • I kva samanheng er teksten produsert?

  • Korleis og kvifor er han produsert?

Spørsmål til teksten

  • Kva formidlar teksten?

  • Korleis formidlar han innhaldet?

  • Kva intensjonar ligg bak teksten?

Kontekst

Når vi snakkar om kontekst, meiner vi både den konkrete situasjonskonteksten og den større kulturkonteksten som ein tekst høyrer heime i. I analysen skal du finne relevant informasjon om begge typar kontekst og bruke han for å beskrive samanhengen medieteksten opptrer i.

Kulturkonteksten

For å kunne forstå ein tekst fullt ut må du ofte ha gode bakgrunnskunnskapar om kulturkonteksten han har blitt skapt i. Det kan til dømes vere viktig å vite korleis medieteksten speglar ulike politiske, økonomiske, historiske, kulturelle og/eller geografiske forhold i si eiga samtid.

Charlie Chaplin i filmen "Diktatoren". Foto.

Situasjonskonteksten

Vidare beskriv du den konkrete situasjonen medieteksten blir til i.

  1. Du kan beskrive feltet teksten høyrer til:

    • Kva slags tekst er det?

    • Kva handlar teksten om?

    • Kvar er han publisert og tilgjengeleg?

    • Kva situasjon eller samanheng inngår teksten i?

    • Kva er føremålet med teksten?

    • Kva motiv har personen/personane som har skapt han?

  2. Du kan òg beskrive relasjonen mellom avsendar/forfattar og mottakar/lesar:

    • Kva relasjon har forfattaren til mottakaren av teksten, og omvendt?

    • Kva rolle eller kva ansvar har forfattaren for innhaldet i teksten? Kva rolle har mottakaren?

  3. Det siste du kan sjå etter innanfor situasjonskonteksten, handlar om .

    • Kva uttrykksformer har forfattaren brukt for å formidle tekstinnhaldet? Er det til dømes skrift, bilete, lyd eller film?

    • Kva medium og kva modalitetar er nytta?

    • Kva er den (viktigaste) meiningsberande modaliteten? Er det kanskje fleire modalitetar som er like viktige?

Tenk over

Kan du beskrive situasjonskonteksten for det siste innlegget du har lese eller publisert i sosiale medium?

Intensjon og modalitet i medietekstar

Bak alle tekstar ligg det ein intensjon (ei hensikt). Avsendaren vil formidle ein bodskap og bruker ulike strategiar og verkemiddel for å få det fram, mens mottakaren ønskjer å forstå. Ved å analysere retoriske strategiar og verkemiddel avdekkjer du meininga i teksten og intensjonen til avsendaren. Dessutan gjer det deg i stand til å bruke dei meir bevisst i eigne medieuttrykk.

Medium og sjanger

Først ser du på korleis innhaldet i medietekstar blir påverka av medium og sjanger. Nokre medieformat gir mange valmoglegheiter, mens andre legg sterke føringar på form og innhald. Opprettar du til dømes ein brukarprofil i sosiale medium, er det få val, og resultatet er likt for alle. Forfattarar tenkjer ikkje alltid over korleis val av medium og sjanger faktisk legg føringar på innhaldet. Det kan påverke korleis mottakaren reagerer på teksten. I analysen din kan du sjå på følgjande:

  • Kva er normene og konvensjonane for mediet og sjangeren som forfattaren har valt?

  • Kva føringar legg desse normene og konvensjonane på tekstinnhaldet?

  • Kan sjangeren kan ha noko å seie for identiteten til forfattaren og personlege mål? På kva måte?

Kva komposisjon har medieteksten?

Kva modalitetar inneheld teksten, kva er prioriterte medietypar, element og verkemiddel?

  • Kva element og modalitetar er plasserte og framheva slik at dei fangar meir merksemd enn andre?

  • Skrift, lyd, bilete og så vidare: Kva er berande modalitet(ar), kva er støttande modalitet(ar)?

  • Kva innhald formidlar den berande modaliteten / dei berande modalitetane?

  • Kva funksjon har dei støttande elementa i teksten? Gjentek dei innhaldet i dei berande elementa? Eller gir dei ny informasjon?

  • Blir dei ulike modalitetane brukte på ein føremålstenleg måte?

Ung kvinne viser statistisk framstilling på skjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verbalspråklege retoriske strategiar og verkemiddel

Når du analyserer ein medietekst, må du sjå etter både den og den informasjonen i han. Ei utsegn som "Innfør gratis kollektivtrafikk!" er eit døme på eit eksplisitt standpunkt. Eksplisitt informasjon er lett å få auge på og ta omsyn til.

Implisitte haldningar kan derimot vere vanskelegare å oppdage, sidan dei blir formidla indirekte og meir eller mindre skjult. Ein forfattar kan bruke språklege verkemiddel som ironi, sarkasme eller språklege bilete til å "pakke inn" bodskapen. Ei anna moglegheit til å påverke indirekte er å framheve enkelte delar av ei sak eller historie og utelate andre delar. Forfattaren kan òg la vere å underbyggje påstandar fordi han eller ho forventar at lesaren aksepterer dei.

Ordval og konnotasjonar

Ord og uttrykk er ikkje verdinøytrale. Ord har konnotasjonar, det vil seie positive eller negative tilleggsbetydningar. Studerer vi ordvalet nøye, vil det fortelje oss mykje om kva haldningar forfattaren har til lesaren og til personen eller emnet han eller ho snakkar om.

Tenk over

Nemn nokre døme på positivt eller negativt ladd ungdomssjargong.

Språklege bilete

Språklege bilete blir ofte brukte til å uttrykkje nettopp haldningar og vurderingar. Samanlikningar, metaforar, besjeling og andre typar bilete er ikkje noko vi bruker berre i litteraturen. Dei er ein fast bestanddel av språket vårt – og vi kan skape nye om vi vil. Felles for alle typar språklege bilete er at dei byggjer på samanlikningar. Når til dømes ein idrettsutøvar blir kalla for dramaqueen eller ein kjendis blir omtalt som skatteflyktning, ligg det ei tydeleg negativ vurdering i metaforbruken – og eit bevisst ønske om å ramme ein person.

Visuelle retoriske strategiar og verkemiddel

I ein medietekst er visuelle strategiar like viktige som verbalspråklege. Du bør til dømes sjå på følgjande:

Kva slags omgivnader og situasjonar blir personar presenterte i? Lagar du ein medietekst om Sametinget og bruker eit bilete av sametingspresidenten på Sametinget, knyter du presidenten til ein kontekst, både i sjølve biletet og i teksten samla sett. Bruker du derimot eit bilete av ein tilfeldig person kledd i samekufte, med einsfarga bakgrunn, bidreg biletet nesten ikkje med nokon kontekstinformasjon.

Korleis blir handlingar framstilte visuelt? Det kan mellom anna gjerast med levande bilete. Då vil innhald, dramaturgi og klipp sørgje for å vise handling. I stillbilete er kroppspositur og blikkretning med på å skape linjer, dynamikk og relasjonar. Eit nærbilete av ein person som rettar blikket mot lesaren, skaper nærleik. Utydelege bilete av personar i bakgrunnen skaper distanse.

Liverpool sin kaptein, Steven Gerrard, tek frispark mot Southampton. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva type visuell koding er brukt, det vil seie korleis blir ein type innhald framstilt visuelt? Vi skil mellom tre typar visuell koding:

  1. Naturalistisk koding gir eit inntrykk av autentisitet og truverd. Eit typisk døme på denne typen koding er ei naturtru fotografisk attgiving.

  2. Sensorisk koding appellerer til sansar og kjensler. Bilete som blir brukte i reklame, har ofte denne typen koding.

  3. Vitskapleg koding framstiller eit innhald ved hjelp av grafar, modellar og illustrasjonar. Her er målet å forklare noko.

Fisk og dei ulike faktorane som påverkar livet til fisken. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Auditive retoriske strategiar og verkemiddel

Lyd blir ofte mindre analysert enn visuelle framstillingar, og nettopp derfor kan det ofte vere interessant å sjå nærare på bruken av lyd. Vi har ulike kategoriar lyd:

  • reallyd

  • effektlyd

  • musikk

  • dialog

  • voice-over

Stille kan til dømes vere eit auditivt verkemiddel i film: Rett før ei dramatisk scene i ein skrekkfilm er det ofte heilt stille. I dialog kan rytme og tempo ha ein narrativ eller emosjonell funksjon, eller begge delar: Jo raskare dialogen er i ein krangel mellom kjærastar i ein film, jo raskare kan framdrifta i forteljinga vere, og dermed aukar pulsen hos sjåarane. På den andre sida kan ein skriftleg tekst ha ein opplesingsfunksjon, altså lyd som ikkje er retorisk i det heile.

Tenk over

Kva skjer med medieuttrykket dersom du skrur av lyden på ein instruksjonsfilm på YouTube eller ein TikTok-video?

Kjelde

Frantzen, V. (2018). Teksturer i medietekst og kontekst. I V. Frantzen & D. Schofield (Red.): Mediepedagogikk og mediekompetanse. Fagbokforlaget.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og i samråd med Vegard Frantzen.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022

Læringsressursar

Tekstanalyse av medieuttrykk