Hopp til innhald

Fagstoff

Metode og teori i analyse av medietekstar

Når du analyserer medietekstar, utforskar du dei systematisk. Du vel metode og teori med utgangspunkt i kva du vil undersøkje. Tekstanalyse gir innsikt i korleis tekstar kommuniserer, og kva betydning dei har for individet og i samfunnet.

Still spørsmål til teksten

Ein analyse er ei systematisk undersøking av eit fenomen. Når du analyserer ein medietekst, stiller du spørsmål til teksten. Du vel metode og teori som verktøy, avhengig av kva du skal utforske i kva for nokre tekstar.

Kvalitativ og kvantitativ tekstanalyse

Illustrasjon som viser ti rosa bilar som køyrer i rekkje på ein motorveg. Over svever eksosskyer. I bakgrunnen er det grå hus og blokker. Tekst: "Nei til mer trafikk i byene! Miljøpartiet De Grønne." Skjermdump frå Instagram.

Kvantitative og kvalitative metodar eignar seg altså for ulike typar problemstillingar. Kva for ein av desse metodane du bør velje, kjem an på kva du vil finne ut av.

I ein kvalitativ tekstanalyse går du tett på teksten, eller på fleire tekstar som du vil samanlikne. Du tek for deg dei ulike verkemidla som blir brukte. Til dømes kan du undersøkje korleis eit bilete kommuniserer saman med ein skriven tekst i ein politisk annonse. Målet er gjerne å avdekkje underliggjande betydningar i teksten.

Bruker du kvantitativ tekstanalyse, vel du å studere førekomsten av eit fenomen i ein tekst eller i fleire tekstar. Det kan til dømes vere å undersøkje kor mange tv-seriar som har ein kvinneleg hovudperson.

Teoriar om medietekstar

Det finst mange relevante for tekstanalyse i mediefag. Her er nokre døme.

Semiotikk
er læra om korleis teikn kan representere noko anna, og korleis dei kan brukast til å kommunisere fordi vi har etablerte sosiale konvensjonar for kva teikn betyr. Ein song kan gi konnotasjonar til 17. mai. Eit hjarte betyr kjærleik. Ikon, indeks og symbol er døme på fagomgrep som høyrer til semiotikken.
Sjangerteoriar
handlar om likskap og slektskap mellom tekstar. Ein påstand i sjangerteorien er til dømes at sjanger medfører nokre avgrensingar når vi produserer tekstar, eller legg føringar for korleis vi forstår tekstar. Skal du på kino og sjå ein romantisk komedie, veit du kva du går til.
Forteljeteoriar eller narrative teoriar
har fokus på samanhengen mellom innhald og struktur. Seinare narrative teoriar er òg opptekne av at vi menneske opplever og erfarer liva våre gjennom utveksling av historier. Dramaturgiske modellar og aktantmodellen kjem inn under forteljeteoriar.
Retorikk
er læra om korleis vi overtaler andre gjennom kommunikasjon. Å forstå kommunikasjon som handling høyrer til under retorikken. Etos, logos og patos er døme på fagomgrep i retorikken.
Resepsjonsteori
handlar om korleis eit publikum tek imot og forstår ein tekst. Historisk sett har tekstanalyse ofte fokusert på forfattaren sitt føremål med teksten. I resepsjonsforsking står mottakaren i sentrum. Innanfor denne forskingsteorien blir tekstanalyse ofte kombinert med intervju.
Diskursanalyse
er ei tverrfagleg tilnærming til studiar av korleis kulturelle og samfunnsmessige rammer formar / gir meining til innhald i tekstar. Du undersøkjer korleis språk blir brukt til å formidle ei forståing av kultur og samfunn, til dømes om språket utfordrar eller byggjer ned maktstrukturar.

Teori og analyse

Namnet på analysen heng ofte saman med teorien du vel. Skal du undersøkje

  • korleis reklame har som mål å påverke, kan du velje å gjere ein retorisk analyse

  • korleis ei målgruppe oppfattar og forstår ein haldningskampanje, kan du velje å gjere ein resepsjonsanalyse

  • korleis verkemiddel er brukte for å kommunisere ein bodskap i eit pressebilete, bruker du semiotisk analyse

  • kvifor ei forteljing skaper spenning og vekkjer kjensler, bruker du forteljeteoriar og sjangerteoriar og undersøkjer korleis tekstar byggjer på felles karaktertypar og handlingsskjema

Teori som verktøy i analysearbeidet

Med ein teori følgjer det eit omgrepsapparat og ofte òg modellar. Modellar og omgrep hjelper deg med å forstå og bruke teoriar som verktøy i analysar.

Tenk over

Du har sett ein episode av ein serie du liker godt. Episoden er den beste så langt. Du ønskjer å forstå kvifor du synest episoden var så god.

  • Kva teoriar er relevante å bruke i ein analyse av episoden?

  • Kva omgrep frå teoriane du har valt, er spesielt godt eigna til å beskrive og tolke episoden?

Døme: episode frå Rådebank (sesong 3)

I analysar av filmar som formidlar forteljingar, er det ofte vanleg å ta utgangspunkt i dramaturgimodellar. Også omgrep som beskriv forteljarståstad, karakterutvikling og scenografi, kan vere relevante.

Eit sentralt tema for sesong 3 av Rådebank er uvisse og sjalusi. Om du har sett sesongen, er det mogleg du likte ein episode spesielt godt, og at grunnen til det er korleis musikken er brukt gjennom episoden? Kva har han å seie for forteljinga av historia?

Her vil ein kvalitativ tekstanalyse vere ei riktig tilnærming, sidan du undersøkjer eit fenomen i ein enkelttekst.

Ei mogleg problemstilling du kan undersøkje:

Korleis blir brukt musikk til å underbyggje opplevinga av uvisse i ein episode frå Rådebank?

Bruk fagomgrep og modellar

Med omgrep frå dramaturgimodellen, men også frå andre forteljeteoriar – og kanskje òg omgrep som denotasjon og konnotasjon frå semiotikken – vil du kunne beskrive og tolke korleis musikken tematiserer og bidreg til opplevinga av uvisse i ein episode av Rådebank.

Hollywood-modellen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

I denne artikkelen har du fått eit overblikk over kva tekstanalyse er, og korleis du vel metode og teoriar for å utforske spørsmål du har til medietekstar.

Her er ei litt grov oversikt over korleis du gjennomfører ein tekstanalyse:

  1. Finn og gjer deg kjend med teksten.

  2. Definer spørsmål du er interessert i finne svar på.

  3. Finn og gjer deg kjend med teoriar og fagomgrep.

  4. Beskriv kjenneteikn ved teksten og kjenneteikn ved teoriar og fagomgrep.

  5. Tolk teksten med fagomgrepa.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2022

Læringsressursar

Tekstanalyse av medieuttrykk