Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Praktisk oppgåve om teikn

Kva teikn omgir du deg med? Kva funksjon har teikna? Kor viktige er teikna vi omgir oss med? I denne oppgåva skal du utforske og ta bilete av teikn som finst rundt deg.

Del 1 – Finn og ta bilete av teikn

I denne oppgåva er målet at du skal bli klar over at vi er omgitt av teikn i kvardagen. Du skal òg bruke det du har lært om semiotikk til å klassifisere teikn, og til å reflektere over funksjonen og betydninga deira.

Til oppgåva treng du ein mobiltelefon. Du kan gjere oppgåva åleine eller saman med nokon andre, men det er viktig at dei teikna du finn, blir dokumenterte. Oppgåva tek utgangspunkt i kva teikn som finst i skulebygninga, men du kan òg gjennomføre ho andre stader.

  • Gå rundt på skulen og finn døme på teikn. Prøv å finne døme på alle tre teikntypane. Hugs å be om løyve viss du tek bilete av personar.
  • Ta bilete av teikna med mobiltelefonen, og del bileta ein stad der alle i klassen kan sjå alle bileta. De kan til dømes bruke Padlet.

Del 2 – Deling og diskusjon

Tilbake i klasserommet går de gjennom bileta de har teke. Kvar elev eller kvart par må seie noko om bileta sine. Bruk spørsmåla under som utgangspunkt.

Spørsmål:

  1. Kva teikntypar fann de? Er dei symbol, ikon eller indeksar?
  2. Fant de teikn som kan klassifiserast som fleire teikntypar? Grunngi svara.
  3. Kva er det teikna står for? Er dei lette å forstå? Har alle same forståing av teikna?
  4. Kan teiknet føre til nokon misforståingar? Grunngi svara.
  5. Vel ut nokre av teikna de fann, og diskuter kva som hadde skjedd viss teikna ikkje hadde vore der de fann dei. Kva konsekvensar hadde det hatt?
  6. Tenk deg ei verd utan symbol, ikon og indeksar. Bruk erfaringane du har gjort deg i denne oppgåva til å reflektere over korleis det hadde vore.
CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 14.09.2020

Læringsressursar

Kommunikasjonsteori