Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk kommunikasjonen i filmen Small talk

Kortfilmen Small talk handlar om dårleg kommunikasjon. Kan du bruke det du har lært om kultur og kommunikasjon til å utforske kva som går gale?

Sjå kortfilmen Small talk. Bruk det du har lært om kommunikasjon sett i lys av kultur, kulturell identitet, kontekst og sosiale og kulturelle faktorar til å reflektere over kommunikasjonen som blir framstilt i denne filmen.

Oppgåve 1

  • Kva slags sosiale og kulturelle faktorar kjem fram i presentasjonen av rollefigurane i starten av filmen? Stikkord: identitet, livssyn, yrke, interesser, relasjonar, kjønn, status.
  • Familien bur på Sørlandet. Er framstillinga av dei prega av fordommar eller stereotypiar?
  • Korleis vil du beskrive møtet mellom Elisabeth og familien til kjærasten?
  • Er det riktig å kalle kommunikasjonen mellom Elisabeth og dei andre interkulturell kommunikasjon? Grunngi.
  • Vel deg ut to scener frå filmen der du synest kommunikasjonen er spesielt dårleg. Beskriv kommunikasjonen så detaljert som du kan, bruk omgrep og kunnskap frå det du har lært om kommunikasjon og interkulturell kommunikasjon, og beskriv korleis identitet, kulturelle og sosiale faktorar og kontekst påverkar samhandlinga. Artiklar om dei ulike temaa finn du nedst på sidan her.

Oppgåve 2

Diskuter i grupper eller i klassen korleis kommunikasjonen i denne familien går føre seg generelt sett:

  • Kva snakkar dei om? Kva snakkar dei ikkje om?
  • Kven er det som snakkar?
  • Kva slags normer og verdiar vil du seie gjeld i denne fellesskapen, og som styrer kva dei snakkar om og kven som snakkar?
  • Kven manglar i den siste scena? Har du nokon tankar om kva som har skjedd?

Relatert innhald

Korleis uttrykkjer og skaper du identiteten din i kommunikasjonen med andre? Sjå døme frå NRK-serien "Førstegangstjenesten".

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2021

Læringsressursar

Kommunikasjonsteori