Interkulturell kompetanse og kommunikasjon - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Interkulturell kompetanse og kommunikasjon

Du får normene, verdiane og verdsbiletet ditt frå dei kulturelle fellesskapa du deltek i, og du bruker desse når du tolkar og skaper meining. Kva treng du å vite og kunne for å kommunisere med andre som ikkje deler dei kulturelle kodane dine?
Video: Terranova / CC BY-NC-ND 4.0

Tenk over eller diskuter etter at du har sett på filmen om interkulturell kompetanse:

Sosialantropologen Håkon Fyhn seier i filmen at interkulturell kompetanse handlar mest om evna til å kommunisere. Kan du prøve å oppsummere det filmen seier om interkulturell kompetanse, og bruke desse fagomgrepa om kommunikasjon: mottakar, avsendar, bodskap, støy, tilbakemelding og kulturkontekst?

Kva tenkjer du om dette sitatet frå filmen: "Vi må skilje mellom forståing og det å akseptere."?

Er det slik at menneske frå ulike kulturelle fellesskap ikkje kan kommunisere med kvarandre? Det er heldigvis fullt mogleg å forstå kvarandre, sjølv med ulike kulturelle referansar.

Men det at vi ikkje deler dei same kulturelle kodane, kan av og til vere ei forklaring på kvifor kommunikasjon er vanskeleg. Det er ikkje alltid vi forstår den intenderte meininga til avsendaren på same måte som dei. Nokre kulturelle faktorar som til dømes klede, språk og mat er variasjon som det er lett å få auge på, meds andre faktorar er ikkje like synlege. Verdsbilete, verdiar, menneskesyn og haldningar kan vi ikkje sjå, men dei kan ha stor påverknad på korleis vi tolkar og skaper meining.

Det du treng for å forstå og meistre kommunikasjonen med menneske som ikkje deler den spesifikke miksen din av kulturelle kodar, er interkulturell kompetanse.

Interkulturell kompetanse blir definert av Henrik Bøhn og Magne Dypedahl i bokaVeien til interkulturell kompetanse som:

evnen til å tenke og kommunisere hensiktsmessig i møte med mennesker med andre tankesett og / eller kommunikasjonsstiler enn en selv

(Bøhn & Dypedahl, 2017, s. 14)

Kva er interkulturell kommunikasjon?

Interkulturell kommunikasjon er ein viktig del av interkulturell kompetanse. Ordet "inter" betyr "mellom". Interkulturell kommunikasjon betyr då kommunikasjon mellom kulturar. Men kva kulturar er det vi snakkar om? Og kva må til for å kommunisere godt med nokon som har andre erfaringar og verdiar enn oss?

Ei skildring av interkulturell kommunikasjon er som kommunikasjon mellom menneske med ulik kulturbakgrunn. Ein meir presis definisjon har Øyvind Dahl i boka Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon:

Interkulturell kommunikasjon:

En prosess som innebærer utveksling og fortolkning av tegn og meldinger mellom mennesker som representerer ulike kulturelle fellesskap som er så forskjellige at det påvirker hvordan de tilskriver mening.

(Dahl, 2001, s.188)

Korleis kan du beskrive og utforske interkulturell kommunikasjon?


Dei fleste er samde om at vi ikkje får interkulturell kompetanse ved å ha ein essensialistisk tilnærming til kultur, der kultur er ein eintydig, avgrensa ting. Dei fleste av oss blir påverka av kulturelle impulsar frå mange kantar, ikkje berre frå heimstaden vår. Dette synet på kultur er det vi kallar ei dynamisk tilnærming til kultur. Derfor er det ingen fasit på korleis spesifikke kulturelle grupper kommuniserer, som gjeld for alle.

Du må bruke kunnskap om kultur og kulturell identitet til å forstå at dette er noko som påverkar både kven vi er og korleis vi opplever verda. Med dette som bakgrunn veit du òg at kultur og kulturell identitet er dynamisk og kompleks, og du unngår då å bruke stereotypiar når du møter og kommuniserer med andre.

Viss du kombinerer ei slik kulturforståing med kunnskapen du har om kommunikasjon og kontekst, har du mange verktøy til å utforske og beskrive interkulturell kommunikasjon.

Tenk over / diskuter:

Kan du kople det Halvor Joon-Ha Sirnes fortel om i filmen til det du har lese om i dette avsnittet?

Empati og sjølvinnsikt

Empati betyr at du tenkjer deg inn i situasjonen til andre på ein slik måte at du føler, ser og opplever ut frå den andre sin ståstad, gjennom den andre sine kulturelle briller. Dette er sjølvsagt ikkje fullt ut mogleg, men innleving kan vere eit ideal, og i interkulturell kommunikasjon kan det vere avgjerande for ei verkeleg forståing. Empati handlar om å oppfatte kjenslene til den andre, men samtidig skilje desse kjenslene frå dine eigne.

Kommunikasjonsforskaren Richard Brislin hevdar at menneske med ei empatisk haldning, har lettare for å utvikle andre kommunikasjonsferdigheiter enn menneske som er ikkje-empatiske. Å ha ei empatisk haldning er derfor ein viktig føresetnad for interkulturell kompetanse.

Møtet med andre menneske gjer òg at vi blir meir kjende med oss sjølve, og vi får meir sjølvinnsikt. Vi blir utfordra og må stille spørsmål til oss sjølve og til ting vi har teke som sjølvsagde. Kven er vi, og kva står vi for? Det kan vere like viktig som å bli kjent med den andre.

Tenk over / diskuter:

I kva yrke tenkjer du det er viktig å ha interkulturell kompetanse?

Korleis er din eigen interkulturelle kompetanse?

Kjelder:

Bøhn, H. & Dypedahl, M. (2017). Veien til interkulturell kompetanse. Fagbokforlaget.

Dahl, Ø. (2001). Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon. Gyldendal Akademisk.

Eriksen, T. H. (1993). Små steder – store spørsmål. Universitetsforlaget.

Eide, H. & Eide, T. (2007). Kommunikasjon i relasjoner: samhandling, konfliktløsning, etikk. Gyldendal Akademisk.



Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2021