Identitet og kommunikasjon - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Identitet og kommunikasjon

Korleis uttrykkjer og skaper du identiteten din i kommunikasjonen med andre? Sjå døme frå NRK-serien Førstegangstjenesten.

Tenk over / diskuter:

Kva seier kroppsspråket og verbalspråket til rollefiguren Ola Halvorsen om kven han er?

Herman Flesvig fekk kritikk for å spele på stereotypiar i framstillinga av Ola Halvorsen (Haus, 2020). Forstår du kvifor?


- Er det noen fra Grünerløkken her?

Denne replikken er henta frå NRK-serien Førstegangstjenesten, og blir framført av Herman Flesvig i rolla som Preben Lohrengren. Flesvig speler fleire karakterar med svært ulike identitetar, og språket er eit viktig verkemiddel i framstillinga hans. Vi bruker språket til å uttrykkje kven vi er.

Ved å la Preben seie "Grünerløkken" utan den korrekte a-endinga, "Grünerløkka", sender han eit sterkt signal om at dette er eit menneske som kjem frå vestkanten i Oslo. A-endingar på substantiv er i Oslo forbunde med å kome frå lågare sosiale lag, som på grunn av bustadprisane som oftast bur på austkanten i byen.


Tenk over / diskuter:

Forskarar peikar på at a-endingar er i ferd med å forsvinne i talemålet hos unge i fleire område i Noreg, og at unge sjølv seier at a-endingar "ikkje er kult" (Lilleslåtten,2020). Korleis er dette der du kjem frå?

Vi uttrykkjer både tilhøyrsle og avstand

Identitet handlar både om gruppetilhøyrsle, og om det som er unikt for deg. Identitet er ofte knytt til å identifisere seg med alt frå ei aldersgruppe, kjønn og etnisitet, til eit bestemt musikkmiljø.

Nyare teoriar om identitet legg vekt på at er noko vi gjer, ikkje noko vi er. Identiteten blir til i samhandling med andre, og her er kommunikasjon heilt sentralt. Vi kan både vise kven vi er, og kven vi vil vere, gjennom , som i dømet med Preben. I tillegg forhandlar vi med andre om kven dei trur vi er, og om å bli godkjend som den vi meiner vi er.

I dømet over bruker Preben ei substantiv-ending som Samtidig tek han òg aktivt avstand til ein austkant-identitet gjennom å insistere på å ikkje bruke den korrekte a-endinga. Han seier dermed både noko om kven han er, og noko om kven han ikkje vil vere.

Korleis forhandlar vi om identitet i kommunikasjonen?

Ein annan karakter frå Førstegangstjenesten, Ola Halvorsen, viser med talemålet sitt at han har eit sterkt ønske om å høyre til eit fellesskap i Haugenstua der han kjem frå. Dette er eit område der mange unge har bakgrunn frå andre land, derfor har det oppstått eit eige ungdomsspråk der både uttale og ordval har innslag frå mange ulike språk, ein såkalla .

Men sjølv om han uttrykkjer identiteten sin, er han òg avhengig av at menneska rundt han godtek denne sjølvframstillinga. I kommunikasjonen kan andre vise direkte eller indirekte at dei ikkje godkjenner den identiteten han speler ut. Dette viser korleis identitet òg er avhengig av samspelet med andre, og at vi må forhandle om kven vi ønskjer at andre skal sjå oss som.

I denne episoden av Førstegangstjenesten på NRK, frå 03:07, ser vi Ola i samtale med to andre. Ola kritiserer den eine som et pølser og seier at det er "Haram, bro". Den andre rekrutten forklarer kva dette betyr, men lèt Ola si hand bli hengande i lufta og blir ikkje med på ein "high five". Dette viser at han avviser Ola sitt forsøk på å identifisere seg med han som muslim. Seinare stiller òg den andre rekrutten spørsmål ved sjølvframstillinga til Ola, ved å uttrykkje forbausing ved at han heiter Ola Halvorsen og aldri har smakt brunost før.

Sjå heile første episode av Førstegangstjenesten her, og sjå om du kan finne fleire døme på identitetsmarkørar i kommunikasjonen til dei ulike karakterane:

NRK: Førstegangstjenesten, pilot del 1

Ungdomsspråk og identitet

Ungdomsspråk er ord og uttrykk som er identitetsmarkørar, som gir signal om at dei som bruker dei, høyrer til aldersgruppa ungdom. Desse identitetsmarkørane kan bli brukte av ungdom for å uttrykkje identiteten som ung, og for å markere avstand til andre grupper, som til dømes dei vaksne. Ungdomsspråk kan òg brukast av vaksne som vil vise at dei forstår ungdom ved å bruke språket deira, eller i reklamar for å få ungdom til å identifisere seg med produktet dei prøver å selje.


Tenk over / diskuter:

Finn du nokre ord eller uttrykk som kan vere identitetsmarkørar i den siste meldingstråden du hadde med ein jamaldra ven eller medelev?

Du kan lese meir om identitet i desse fagartiklane:

Relatert innhald

Kjelder

Haus, L. (2020, 14. september). Herman Flesvig får kritikk: – Kunne heller bidratt positivt. TV2. https://www.tv2.no/a/11647290/

Lilleslåtten, M. (2020, 28. april). Hunkjønn forsvinner fra det norske språket. Forskning.no. https://forskning.no/partner-sprak-universitetet-i-oslo/hunkjonn-forsvinner-fra-det-norske-spraket/1674336

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling (3. utg). Cappelen Damm akademisk.

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2021