Utforsk kontekst i kommunikasjonen
Del 1: Få grep på omgrepa
Les artikkelen om kontekst i kommunikasjonen, og lag ei visuell framstilling av omgrepa og korleis står til kvarandre.
Du kan ta utgangspunkt i ein kommunikasjonsmodell du kjenner til og bygge vidare på denne.
Bruk papir og blyant.
Del 2: Utforsk den tekstuelle konteksten
Finn fem korte utdrag med tekst som du kopierer og skriv ned på eit dokument. Her er nokre forslag der du kan hente utdraget frå:
- eit innlegg i sosiale medium
- ein annonse på Finn.no
- ei melding du har skrive til nokon
- ei lærebok
- Gå saman i par. Les utdraga for kvarandre utan å seie kvar dei kjem frå.
- Diskuter: Kor lett er det å forstå kva tekstutdraga handlar om?
- Den meininga de får ut av utdraget kan seiast å kome berre frå den tekstuelle konteksten. Diskuter: Kva er det i den tekstuelle konteksten som gir dykk hint om kva slags meining de skal tilskrive ytringane?
Del 3: Utforsk den situasjonsmessige konteksten
Gjer oppgåvene i par eller små grupper:
Kor mange ulike kommunikasjonssituasjonar kan de kome opp med for desse ytringane?
- "Volvo 240, 1994-modell"
- "..."
- "Ingen har elska deg ømmare enn eg."
Diskuter: Kva faktorar i situasjonen er nødvendige å vite noko om for at ytringane skal få meining?
Del 4: Utforsk kulturkonteksten
I biletet under er teikneseriefiguren Pepe the frog brukt i ein reklameplakat for ferievillaer på Bali. Denne figuren har blitt eit meme, og har fått ei anna kulturelt tilskrive meining i enkelte nettkulturar.
- Undersøk fenomenet Pepe the frog, og finn ut kva slags ulike betydingar dette teiknet kan ha i ulike kulturkontekstar.
- Diskuter: Kva faktorar i kulturkonteksten er det nødvendig å vite noko om for at teikna skal få meining?

Del 5: Har du lært noko nytt om kontekst?
Gå tilbake til den visuelle framstillinga du laga i oppgåve 1. Er det noko du vil endre på etter å ha utforska kontekstomgrepet litt grundigare?