Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike former for kommunikasjon

Kommunikasjon kan gå føre seg mellom alt frå to til mange millionar deltakarar. Det er ganske stor forskjell på desse situasjonane. Ikkje minst påverkar talet på personar du skal kommunisere med, korleis samspelet blir.
Fire unge menneske i samtale. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi skil derfor mellom einvegs- og tovegskommunikasjon, og mellom personleg kommunikasjon, personleg mediert kommunikasjon, gruppekommunikasjon og massekommunikasjon.

  • Einvegskommunikasjon: Ved einvegskommunikasjon er det ingen dialog mellom avsendaren og mottakaren, til dømes i eit tv-program.
  • Tovegskommunikasjon: Ein samtale mellom to vener der begge partar er aktive, vil derimot vere tovegskommunikasjon. I ein samtale ansikt til ansikt vil mediet vere tale og kroppsspråk, mens ein i ein telefonsamtale har telefonen og stemma som medium.
  • Personleg kommunikasjon: Ein personleg kommunikasjon er individuell, tovegs og omfattar få personar. Det kan vere ein samtale mellom to vener, foreldre og barn, lærar og elev eller kunde og ekspeditør. Personleg kommunikasjon kan skje ansikt til ansikt, eller gjennom eit medium, som telefon eller internett. Då snakkar vi om personleg mediert kommunikasjon.
  • Gruppekommunikasjon: Gruppekommunikasjon er òg tovegs, men skjer innanfor ei større gruppe, til dømes ein diskusjon i klasserommet, chatting med fleire deltakarar eller ein diskusjon i ei Facebook-gruppe.
  • Massekommunikasjon: Ved massekommunikasjon formidlar sendar ein bodskap til mange mottakarar gjennom eit medium, til dømes ei nyheitssending på TV2. Massemedia (presse, radio, fjernsyn og film) gjer det mogleg å spreie informasjon raskt til mange menneske samtidig gjennom eit medium. Moglegheita for tilbakemelding frå mottakarane i massekommunikasjon har tradisjonelt vore svært liten eller ingen. Med framveksten av nettbaserte medium har dette endra seg. I dag kan enkeltmenneske ha tilgang til eit stort publikum gjennom nettbaserte medium, og vi har òg mange fleire moglegheiter til å kome med tilbakemeldingar til avsendarane av bodskap i massemedium som nettaviser og TV-kanalar.

Kjelde

Kvalbein, A. (1999). God kontakt. Praktisk kommunikasjonslære. Høyskoleforlaget.

CC BY-SASkrive av Torgrim Gram Økland, Marita Aksnes og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Kommunikasjonsteori