Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er kommunikasjon?

Kva er eigentleg kommunikasjon, og kva faktorar må vere med for å forklare kva som skjer når vi kommuniserer med kvarandre?
To tre forma som menneskehovud med fuglar som sit i greinene og flyg frå det eine hovudet til det andre. Illustrasjon.

Tenk over / diskuter:

Korleis hadde det sett ut i eit samfunn der det var strengt forbode for menneske å kommunisere med kvarandre?

Kor viktig er kommunikasjon for deg i kvardagen?

Kva er kommunikasjon?

Viss vi tek utgangspunkt i sjølve ordet, som kjem frå det latinske ordet communicare, som betyr "å gjere noko felles", så ser vi at kommunikasjon kan romme mykje. I Store norske leksikon er definisjonen av menneskeleg kommunikasjon:

det å dele tanker med andre individer, på en overlagt og uforbeholden måte
(Nicholas, 2000)

I dette faget er kommunikasjon noko som skjer mellom menneske. Vil du dele ein tanke, har du mange måtar å formidle det på. Du kan bruke språk, teikn eller handlingar, eller ein kombinasjon av desse, med eit mål om at dei ønskte mottakarane skal forstå kva du meiner.

Kommunikasjon er ein viktig del av det å vere eit menneske, og er heilt grunnleggjande både i relasjonane vi har med kvarandre og for at samfunnet skal fungere. Kunnskapen om kommunikasjon er noko vi har utvikla over lang tid. Allereie i antikken vart grunnomgrepa i til. Desse beskriv ulike sider ved kommunikasjon og er framleis i bruk i dag.

Teikn og språk

Teikn er uttrykk som har eit innhald som kan tolkast på bakgrunn av ei semje blant dei som kommuniserer om kva innhaldet skal vere. Eit raudt lys i trafikken betyr "stopp", berre fordi vi er samde om det. Språket er òg eit teiknsystem, og det viktigaste verktøyet vårt for å formidle meining. Vi skal sjå på teoriar om teikn, språk og språkbruk i eigne fagressursar, men det er viktig å vere klare over at når vi kommuniserer, bruker vi mykje meir enn berre språket for å formidle eller tolke eit meiningsinnhald.


Tenk over / diskuter:

Korleis vil du forklare omgrepet kommunikasjon til ein utanforståande som ikkje har nokon bakgrunnskunnskapar?

Kva andre faktorar enn språk meiner du er viktige når du kommuniserer med andre?

Kontekst, kultur og konvensjonar

Konteksten for kommunikasjonen er svært viktig når vi kommuniserer. Kontekst er dei faktorane i samanhengen som ei ytring blir sett fram i, som er relevante for å tolke ho. Utsegna "hald denne" er umogleg å tolke utan å vite kven som seier det, og kva som er situasjonen det blir sagt i. Bestillinga "to vaksne til James Bond" gir berre meining om du står ved ei billettluke medan du seier ho.

Konvensjonar

Vi har òg ulike sett med reglar, eller for ulike kommunikasjonssituasjonar som vi bruker som ressurs når vi kommuniserer. Desse er vi ofte ikkje klare over før dei blir brotne.

Nyheitsopplesarar har ein måte å formidle nyheitene på, som er heilt spesiell for denne situasjonen. Ordval, tone, ansiktsmimikk og kroppsspråk er med på å støtte innhaldet som truverdig. Viss ein nyheitsopplesar hadde fortalt eventyr til barna sine på same måte, er det svært sannsynleg at det hadde vorte oppfatta som tull.

Mykje humor handlar om å leike med desse konvensjonane for kommunikasjon, på ein måte som gjer at vi blir merksame på at dei finst. I NRK-serien "Verdens minste kommentatorboks" ligg humoren i at konvensjonane for sportskommentarar blir overførte til ein annan kommunikasjonssituasjon:

Verdens minste kommentatorboks i Gøteborg på NRK

Kulturelle rammar for kommunikasjon

Kulturelle rammer er ein viktig del av for kommunikasjon. Kommunikasjon og kultur står i eit gjensidig forhold til kvarandre, vi kan til og med si at kultur og kommunikasjon er to sider av same sak, der kommunikasjon er prosess, medan kultur er produktet av prosessen.

For at to menneske skal kunne formidle og tolke eit meiningsinnhald, er det nødvendig at dei har ei felles forståing av teikna og handlingane som inngår i bodskapen, og av situasjonen bodskapen er relaterte til. Denne felles forståinga får vi frå dei kulturelle rammene, gjennom normer, verdiar, språk, skikkar, symbol og konvensjonar. Desse varierer frå ein kulturell kontekst til ein annan.

Kommunikasjon formar den kulturelle konteksten

Samtidig som at kultur utgjer kontekst for kommunikasjon, er kommunikasjon òg ein prosess som er med på å forme kulturen. Dette er fordi det kulturelle er skapt av oss menneske i ein kontinuerleg prosess, der vi anten stadfestar eller utfordrar normer og konvensjonar kvar gong vi kommuniserer med kvarandre.

Eit døme er korleis vi har slutta å bruke dei formelle formene å tiltale kvarandre på: heilt fram til 1970-talet brukte ein forma "De" og "Dei" for å markere ein formell situasjon eller relasjon i kommunikasjonen. Dette er ikkje noko vi plutseleg har bestemt oss for å slutte med, men har vore ei gradvis endring som har skjedd sidan stadig fleire menneske har brote desse normene i kommunikasjonen. Slik har kommunikasjon som bryt normene, gjort at dei kulturelle normene for kommunikasjon har endra seg.

I det første minuttet av introduksjonen til NRK-programmet Stemninger – nordisk aften frå 1961 kan du både sjå og høyre kor ulikt både kultur og kommunikasjon var på den tida i forhold til notida.


Tenk over / diskuter:

Har du opplevd å ikkje forstå noko fordi du ikkje har forstått den kulturelle ramma for kommunikasjonen?

Er det nokre konvensjonar for desse kommunikasjonssituasjonane?

  • bestille legetime på telefonen
  • gaming-YouTube-video
  • skrive ein jobbsøknad
To jenter ligg mot kvarandre på magen med ansiktet i bakken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verbal, ikkje-verbal og digital kommunikasjon

Hovudfokuset vårt er på kommunikasjon som skjer i møtet mellom to eller fleire personar, personleg kommunikasjon, der vi kommuniserer både gjennom det vi seier og det vi gjer. Dette kallar vi verbal og ikkje-verbal kommunikasjon.

Den verbale kommunikasjonen er når vi bruker språket til å formidle meiningsinnhald. Den ikkje-verbale er kroppsspråk, gestar, ansiktsmimikk. Sidan så mykje av kommunikasjonen mellom menneske i dag går føre seg på digitale plattformer, er det òg viktig å undersøkje kva som kjenneteiknar personleg digital, eller personleg kommunikasjon.


Tenk over / diskuter:

Kva forskjellar er det mellom å kommunisere ansikt til ansikt og å kommunisere via meldingar på digitale plattformer?

Kva kan vi bruke kunnskapen om kommunikasjon til?

Eit viktig mål med å lære om kommunikasjon er å få til ein betre dialog med andre. Viss du er klar over kva faktorar som inngår i ein kommunikasjonsprosess, kan du bruke dette for å få til ein best mogleg kommunikasjon. Dette kan bidra til betre relasjonar med andre menneske, både privat, i utdanning og i jobb.

I samfunnet elles er vi òg avhengige av god kommunikasjon. God kommunikasjon kan hjelpe oss å unngå konfliktar, sjølv om vi er usamde med kvarandre. Demokratiet er faktisk avhengig av at vi kan diskutere løysingar på problema vi har i samfunnet, og at vi både argumenterer effektivt og godt for eigne meiningar, og forstår argumentasjonen til andre.


Tenk over / diskuter:

Kjenner du nokon som er skikkeleg gode til å kommunisere? Kan du forklare kvifor du opplever det slik?


Kjelder

Allott, N. (2019, 30. mai). Kommunikasjon. I Store norske leksikon. https://snl.no/kommunikasjon

Gaupås J. M. (2020). Kva er humor? Universitetsforlaget.

Språkrådet (u.å.). Høflighetsformene De, Dei og Deres. Henta 1.12.2020 frå https://www.sprakradet.no/svardatabase/sporsmal-og-svar/hoflighetsformene-de-dem-og-deres/

Svennevig, J. (2020). Språkleg samhandling (3. utg). Cappelen Damm akademisk.

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2020

Læringsressursar

Kommunikasjonsteori