Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis formidlar vi meining til andre?

Prosessmodellen for kommunikasjon viser kor viktig det er å skilje mellom melding og meining. Korleis skjer eigentleg forhandlinga om meining i ein kommunikasjonsprosess?
Illustrasjon av person der struktur visest i hjerne og snakkeboble med bokstavar og ord i bakgrunnen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi menneske ber på kvar våre rike førestillingsverder, som er prega av dei erfaringane og kunnskapane vi har samla opp om verda gjennom eit heilt liv. Kvar dag prøver vi å formidle tankar og idéar frå vår mentale verd til andre sine, gjennom å sende og få meldingar i ulike kommunikasjonssituasjonar. Desse meldingane er sette saman av teikn, som ord, lydar, bilete, blikk og handrørsler.

Ei melding har ein sendar og ein mottakar. Først må sendar innkode meldinga ved å bestemme seg for kva teikn som best uttrykkjer det hen vil seie, og så må mottakar avkode meldinga ved å tolke desse teikna meldinga består av. Kva slags betyding som skal tilskrivast teikna i ei melding, er ikkje gitt direkte frå teikna, dei må tolkast.

Teiknet "tommel opp" betyr visse ting i visse situasjonar, men det kan vere nyansar i måten teikna blir brukte på og faktorar i konteksten som avgjer korleis teiknet skal tolkast. I ei tekstmelding kan tommel-opp-teiknet bety at du har sett ei melding, mens i ein annan situasjon må det tolkast som eit teikn på entusiasme. Korleis kan du som sendar av ei melding vite kva slags meining mottakaren sit igjen med?

Tenk over / diskuter

Korleis veit du kva ulike emojiar betyr? Har du sett ei ordliste som forklarer desse teikna, er dei sjølvforklarande, eller har du lært kva slags meining du skal tilskrive dei på ein annan måte?

Eit døme

I illustrasjonen under ser du ein dialog der guten til venstre vil fortelje til jenta til høgre at han har eit kjæledyr, og at det er ein katt. Klikk på biletet og sjå korleis forhandling av meining går føre seg i denne dialogen:

Korleis tilskriv vi meining til eit teikn?

Avsendaren veit jo korleis katten sin ser ut, og han kan bruke denne kunnskapen til å gi nyansert og presis informasjon om dette til mottakaren i denne samtalen.

Mottakaren prøver å innhente så mykje informasjon som mogleg for å få ei presis forståing av denne katten. Ho bruker informasjon om rase, farge og alder til å snevre inn biletet ho har av denne katten, og til slutt har ho landa på ei forståing. Ho stiller ikkje fleire spørsmål, fordi ho trur ho har forstått korleis denne katten ser ut.

Avsendaren trur òg at mottakar har forstått kva slags katt det er snakk om, så han gjer heller ingen forsøk på å korrigere denne forståinga, sidan det biletet vi ser, berre finst i hovudet hennar.

Når du sender ei melding, blir altså ikkje meininga du har tilskrive eller knytt til teikna automatisk overførte til mottakar. Meininga må attskapast i hovudet til mottakaren, som bruker erfaringa og kunnskapen sin til å konstruere meining av bodskapen din. Nokre teikn er presise, medan andre kan fyllast med mykje ulik meining, slik som teiknet "katt". Vi ser at dei to partane forhandlar om korleis dette teiknet skal bli forstått i samtalen over, og slike forhandlingar om kva meining vi skal tilskrive teikn, skjer heile tida i samhandling med andre.



Tenk over / diskuter:

Kva slags strategiar har du for å sjekke om ho du kommuniserer med, har forstått kva du meiner?

Pop Art- teikneserierute med snakkeboble der ei jente kviskrar i øyret på ei anna jente. I snakkebobla står det "PSSST...!" Illustrasjon.

Kor presis må kommunikasjonen vere?

No veit vi at vi i mange tilfelle ikkje ønskjer å vere presise. I dømet ovanfor held det kanskje å vite at den andre har ein katt utan å vite akkurat korleis denne katten ser ut, mens i andre tilfelle er det viktig å vere så presis som mogleg. Dersom katten ovanfor har kome bort, er det viktig å vite kva ein skal sjå etter når ein skal ut og leite.

I nokre tilfelle vil vi vere presise i kommunikasjonen, i andre tilfelle vel vi, medvite eller umedvite, å vere upresise, slik at vi gir rom for ulike tolkingar. I eit dikt eller i ein songtekst er ikkje alltid presisjon det viktigaste for meiningsskapinga hos mottakaren, men at det gir rom for eigne tolkingar hos mottakaren eller lyttaren.


Tenk over / diskuter:

Har du døme på situasjonar der det er livsviktig at kommunikasjonen mellom partane er mest mogleg presis?

Kor mykje rom for dine eigne tolkingar gir favoritt-songteksten din?

Finn du døme på kommunikasjon som ein forhandlingsprosess i den siste samtalen du hadde?


Kjelde:

Dahl, Ø. (2001). Møte mellom menneske: interkulturell kommunikasjon. Gyldendal.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl og Caroline Nesbø Baker. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 05.01.2021

Læringsressursar

Kommunikasjonsteori