Oppgave
Interkulturell kompetanse i møte med andre sine religionar
Sjå NRK-programmet der to unge med ulike religiøse livssyn møtest for å forstå kvarandre betre. Bruk kunnskap om interkulturell kompetanse og kultur til å reflektere over møtet.
Sjå videoen Oh my God! Hindu møter pinsevenn:
- Korleis påverkar religionen livet til Ravinea? Peik på konkrete døme i filmen.
- Korleis reagerer Anne Louise på Ravinea sitt forhold til religionen?
- Fører dette treffet til at Anne Louise får ei betre forståing av kulturen til Ravinea? Grunngi svaret.
Sjå videoen Oh my God! Pinsevenn møter hindu:
- Korleis påverkar religionen livet til Anne Louise? Peik på konkrete døme i filmen.
- Korleis reagerer Ravinea på Anne Louise sitt forhold til religionen?
- Fører dette treffet til at Ravinea får ei betre forståing av kulturen til Anne Louise? Grunngi svaret.
Les dei to relaterte fagartiklane om interkulturell kommunikasjon og diskuter desse spørsmåla med ein medelev:
- Vurder kommunikasjonen mellom dei to jentene. Viser dei interkulturell kompetanse? Grunngi svaret.
- Kva for nokre av omgrepa passar best på å beskrive kommunikasjonen mellom jentene? Tverrkulturell kommunikasjon eller interkulturell kommunikasjon? Grunngi svaret.
- Kva kan det gjere med oss – å møte andre som har ulike perspektiv på verda og livet?
Relatert innhald
Fagstoff
Interkulturell kompetanse og kommunikasjonSjølv om ulike kulturelle kodar kan gjere kommunikasjon vanskeleg, er interkulturell kommunikasjon noko som kan skape nye fellesskap og auka forståing.
Fagstoff
Ulike tilnærmingar til interkulturell kommunikasjonKorleis du ser på kultur, påverkar korleis du tilnærmar deg interkulturell kommunikasjon. Kva slags konsekvensar har dei ulike tilnærmingane?