Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk kontekst i kommunikasjonen

Undersøk kontekstomgrepet, og utforsk korleis kontekst påverkar kommunikasjonen i ulike kommunikasjonssituasjonar.

1. Få grep på omgrepa

Les artikkelen om kontekst i kommunikasjonen, og lag ei visuell framstilling av omgrepa og korleis står til kvarandre.

Du kan ta utgangspunkt i ein kommunikasjonsmodell du kjenner til og byggje vidare på denne.

Bruk papir og blyant, eller program som Canva.

Relatert innhald

2. Utforsk den tekstuelle konteksten

Finn fem korte utdrag med tekst som du kopierer og skriv ned på eit dokument. Her er nokre forslag der du kan hente utdraget frå:

  • eit innlegg i sosiale medium
  • ein annonse på Finn.no
  • ei melding du har skrive til nokon
  • ei lærebok
  1. Gå saman i par. Les utdraga for kvarandre utan å seie kvar dei kjem frå.
  2. Diskuter: Kor lett er det å forstå kva tekstutdraga handlar om?
  3. Den meininga de får ut av utdraget kan seiast å kome berre frå den tekstuelle konteksten. Diskuter: Kva er det i den tekstuelle konteksten som gir dykk hint om kva slags meining de skal tilskrive ytringane?

3. Utforsk den situasjonsmessige konteksten

Gjer oppgåvene i par eller små grupper:

Kor mange ulike kommunikasjonssituasjonar kan de kome opp med for desse ytringane?

  • "Volvo 240, 1994-modell"
  • "..."
  • "Ingen har elska deg ømmare enn eg."

Diskuter: Kva faktorar i situasjonen er nødvendige å vite noko om for at ytringane skal få meining?

4. Utforsk kulturkonteksten

I biletet under er teikneseriefiguren Pepe the frog brukt i ein reklameplakat for ferievillaer på Bali. Denne figuren har vorte eit meme, og har fått ei anna kulturelt tilskrive meining i enkelte nettkulturar.

  • Undersøk fenomenet Pepe the frog, og finn ut kva slags ulike betydingar dette teiknet kan ha i ulike kulturkontekstar.
  • Diskuter: Kva faktorar i kulturkonteksten er det nødvendig å vite noko om for at teikna skal få meining?
Reklameplakat for feriebustader på Bali som bruker eit bilete av Pepe the Frog. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

5. Har du lært noko nytt om kontekst?

Gå tilbake til den visuelle framstillinga du laga i oppgåve 1. Er det noko du vil endre på etter å ha utforska kontekstomgrepet litt grundigare?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2021

Læringsressursar

Kommunikasjonsteori