Kommunikasjon og kontekst - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kommunikasjon og kontekst

All kommunikasjon skjer i ein bestemd samanheng, ein kontekst. Kva slags ulike typar kontekstar har vi, og korleis påverkar dei kommunikasjonen?

Orda "no var du flink" kan opplevast som både rosande og krenkjande, alt etter situasjonen. Viss du har ein dårleg relasjon til den som seier det, er det meir sannsynleg at du tolkar fråsegna som sarkastisk. Viss fråsegna kjem saman med andre rosande utsegner i ei melding frå bestemora di, er det større moglegheit for at du tek rosen på alvor. Til slutt kan det hende at det var meint ironisk, men fordi ironi ikkje er brukt i ungdomskulturen din, tek du det på alvor og tolkar det som ros likevel.

Dette dømet viser at meininga vi tilskriv eit teikn òg blir påverka av kven som seier det og i kva situasjon. Det viser òg at andre teikn, situasjon og kultur er viktige å vite noko om for å forstå ei ytring. Dette er det vi kallar kontekst.

Kva er kontekst?

Kontekst er dei faktorane i samanhengen ei ytring blir sett fram i, som er relevante anten for innkoding eller avkoding av ytringa.

Det er ikkje alltid alderen til samtalepartnaren er relevant til dømes, men i nokre ytringar er det ein del av konteksten for at ei ytring skal gi meining. "Du er for ung til å bestemme sjølv" får veldig ulik meining om ho blir sagd til ein 30-åring eller ein 3-åring.

Konteksten finst altså ikkje utan ytringa. Samtidig får ytringar meininga si i ein kontekst. I boka Språklig samhandling (2020) seier forfattar Jan Svennevig at ytring og kontekst er uløyseleg knytte til kvarandre, og at dei til og med føreset kvarandre.

Tenk over / diskuter:

Kva faktorar utgjer konteksten til eit Instagram-innlegg?

Tekstuell kontekst

"I går"

Denne ytringa gir inga meining utan at du ser ho saman med ytringa som kom før ho i samtalen: "Når hadde vi prøve i samfunnskunnskap?"

Det er dette som er den tekstuelle konteksten, og den omfattar både skrift og tale. I ein avisartikkel gir overskrifta deg ein peikepinn på kva teksten skal handle om. Den gir med andre ord ein kontekst for å forstå resten av innhaldet.

Den første setninga i denne artikkelen "no var du flink" er heilt nødvendig for å forstå innhaldet i avsnittet han er ein del av. I ein samtale er ofte ytringar heilt uforståelege utan at vi ser dei i den tekstuelle konteksten dei høyrer heime i, det vil seie det som blir sagt før eller etter ytringane.

Tenk over / diskuter:

Korleis kan du bruke kunnskapen om tekstuell kontekst i skulekvardagen?

Situasjonskonteksten

Ville du reist deg opp i klasserommet og sunge favorittsongen din med innleving? I dei fleste tilfelle er svaret på dette spørsmålet nei, bortsett frå viss situasjonen var ei skuleavslutning der du hadde fått i oppdrag å nettopp synge ein song. Det er altså relevant å ha meir informasjon om situasjonen for å forstå kvifor du syng i dette dømet, det held ikkje å berre vite at synginga skjedde i klasserommet. I dette dømet er altså situasjonskonteksten både at ytringa skjer på skulen, og at det er avslutning.

Omgivnader og medium

Situasjonskonteksten handlar om kva for nokre konkrete omgivnader kommunikasjonen finn stad i, og kva slags medium han skjer gjennom. Dei konkrete omgivnadene, i form av rom, møblar og type bygning, kan bli ein viktig del av konteksten. Tenk berre på korleis vi veit at vi skal gå til det som ser ut som ein resepsjon for å spørje om informasjon når vi kjem til ein ny stad.

Menneske kan òg vere ein del av situasjonskonteksten, ved at vi tilpassar ein samtale viss vi merkar at utanforståande kan høyre det vi seier. Mediet for kommunikasjonen bidreg òg til situasjonskonteksten. Stemmebruk, tonefall og andletsuttrykk kan gi mange fleire nyansar enn ei tekstmelding, sjølv om emojiar òg kan uttrykkje noko av desse nyansane i ei tekstmelding.

Deltakarar og oppgåve

Kven som er deltakarar i kommunikasjonen, og kva de prøver å oppnå, er òg ein del av situasjonskonteksten. Viss oppdraget er å informere om eit tema, vil du kommunisere annleis enn om du har i oppgåve å finne ut kva andre meiner om temaet.

Relasjonane mellom deltakarane påverkar kommunikasjonen, det same gjer eigenskapar deltakarane har. Vi tilpassar heile tida kva vi seier ut frå kva slags kjønn, alder, roller og status dei vi kommuniserer med, har.

Tenk over / diskuter:

Kva var situasjonskonteksten for den siste samtalen du hadde med nokon du ikkje kjende?

Kulturkonteksten

Har du nokon gong opplevd å gå ned ein lang korridor, og så ser du nokon du kjenner kome mot deg langt framme? Dei fleste av oss ventar med å seie hei til vi kjem ganske nær kvarandre. Kva gjer du i den tida det tek å kome i akseptabel helse-avstand? Sosiologen Erving Goffman beskreiv at dei fleste i ein slik situasjon vil unngå blikk-kontakt og til og med late som dei ikkje ser den andre før dei kjem nær (Goffman, 1968). Kjenne du deg igjen i dette?

Dette er døme på ein for kommunikasjon, som betyr eit sett med spelereglar for korleis vi skal oppføre oss i ein bestemd kommunikasjonssituasjon. Desse konvensjonane er ein del av kulturkonteksten. Kulturkonteksten for ein kommunikasjonssituasjon består av generelle faktorar, medan situasjonskonteksten handlar om dei heilt konkrete faktorane i ein bestemd kommunikasjonssituasjon.

I Noreg er vi generelt meir direkte i kommunikasjonen enn til dømes i Aust-Asia. I ein japansk kontekst er det sett på som uhøfleg å svare "nei" på eit spørsmål, noko som vil vere viktig å kjenne til i kommunikasjon med nokon frå Japan (Live Japan, 2020). Dette er eit døme på kommunikasjonsstilar, som også er noko som er ein del av kulturkonteksten for kommunikasjon.

For at to menneske skal kunne formidle og tolke eit meiningsinnhald, er det nødvendig at dei har ei viss felles forståing av teikna og handlingane som inngår i bodskapen, og av situasjonen bodskapen er relatert til. Denne felles forståinga får vi altså frå kulturen, gjennom kulturelle kodar, normer, verdiar, språk, skikkar, idéar og verdsbilete, symbol og konvensjonar. Desse varierer frå ein kulturell kontekst til ein annan.

Tenk over / diskuter:

Vel ein kommunikasjonssituasjon der nokon sa noko som fekk deg til å le. Kan du beskrive den tekstuelle, situasjonsmessige og kulturelle konteksten for denne opplevinga?

Kjelder

Dypedahl, M. & Bøhn, H. (2017). Veien til interkulturell kompetanse. Fagbokforlaget.

Goffman, E. (1968). Behaviour in public places: Notes on the Social Organization of Gatherings. The free press.

Live Japan. (2020, 24. september). How to Say NO in Japanese?! How to Refuse Things in Polite Japan. Livejapan.com. https://livejapan.com/en/in-tokyo/in-pref-tokyo/in-tokyo_train_station/article-a0001027/

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling (3. utg). Cappelen Damm akademisk.

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2020