Språk, kjønn og ungdom - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Språk, kjønn og ungdom

Har du nokon gong opplevd at foreldra dine eller andre vaksne ikkje forstår deg, at det kjennest som dei er frå "ein annan planet"? Det er fleire ulike grunner til at kommunikasjon mellom generasjonar eller kjønn kan vere vanskeleg.

Menn og kvinner kommuniserer ulikt

I artikkelen ”Kvinner tier” peikar språkforskaren Helene Uri på nokre forskjellar mellom kjønna når det gjeld korleis vi bruker språket. I ein samtale vil kvinner og menn ha ulike mål. Kvinner er meir opptekne av likskap og fellesskap, og vil i ein samtale søkje å bekrefte dette. Menn er derimot meir opptekne av å framheve seg sjølve og å styrke posisjonen sin. I ein samtale vil menn derfor vere meir i ein maktkamp med samtalepartnarane sine.

Kvinner bruker gjerne også fleire småord enn menn for å ta fleire atterhald i ein samtale. Dei brukar ord som jo, vel, nok, altså, på en måte. Ein mann vil seie sånn er det. Her finst det ulike forklaringar på kvifor det er slik. Somme vil seie at kvinner er meir usikre, men vi kan også seie at kvinner uttrykkjer seg meir nyansert og gir rom for ulike tolkingar.

Kvifor liker mange jenter å gå saman på do? Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Generasjonsforskjellar

Når det gjeld ungdomsspråk, er gruppetilhøyrsel viktigare enn kjønn for ungdommane. Det har meir å seie for språket ditt enn om du er gut eller jente. Men alder er også ein viktig faktor, og omgrepet ”ungdomsspråk” fortel oss at det er forskjell på språket til unge og eldre.

Det interessante med ungdomsspråket er at det har nokre fellestrekk uavhengig av geografi og sosial klasse, nettopp fordi ungdom er i ein fase av livet der dei er i opposisjon til foreldregenerasjonen. Vi skal sjå nærare på nokre kjenneteikn ved dette språket.

Ungdomsspråk

Det er knytt mange stereotypiar til språket ungdommar bruker, og til ungdomskulturen generelt. Nyttar vi ei beskrivande kulturforståing på ungdomsspråket, kan vi seie at ungdommar bannar mykje, bruker stygge ord, snakkar upresist, seier liksom i annakvar setning, og at alt anten er dødskult eller dritkjipt.

Som ungdom vil du kjenne deg igjen i litt av dette, men neppe i alt, og du vil nok også tenkje at språket ditt varierer avhengig av kven du kommuniserer med. Ved å bruke ei dynamisk kulturforståing kan vi beskrive ungdomsspråket, og ungdomskulturen i det heile, meir nyansert.

Vi skal sjå nærare på nokre trekk ved ungdomsspråket basert på Ingrid Kristine Hasunds bok Ungdomsspråk frå 2006. I denne boka vil du finne mange fleire døme på ungdomsspråk.

Slang som identitetsmarkør

Bruk av slang er kanskje det viktigaste kjenneteiknet på ungdomsspråket, og slangspråket kan vere ein sterk identitetsmarkør. Ungdommar er generelt meir opne for å ta i bruk nye ord i språket, og ofte gjeld dette ord og uttrykk frå andre språk. Engelsk er det mest utbreidde språket, men vi finn også uttrykk frå språk som arabisk og spansk.

Vi kan bruke forskjellige slangord alt etter kven vi er saman med. Vi har mange slangord for ting som er bra eller dårleg, til dømes digg, fett, good, ruler, døvt, kjipt og døll. I tillegg blir gjerne orda døds- eller drit- sette fremst i desse orda, som i dødsfett og dritkjipt.

Innvandring påverkar ungdomsspråket

Du kjenner sikker til omgrepet "kebabnorsk" som blir brukt om ein språkvariant vi særleg finn i nokre bydelar i Oslo. I dette språket blir ord frå mange ulike språk, som arabisk, spansk og urdu, blanda. Vi kan seie beib for jente, party for fest, adios for ha det, gerro for sigarett, loco for gal, kæbe for jente eller sjpa/schpaa for bra.

Det er riktigare å kalle denne språkvarianten for ein multietnolekt. Opphavleg blei omgrepet kebabnorsk knytt til innvandrarungdom frå ikkje-vestlege land. I dag blir språkvarianten også brukt av ungdommar som er fødde i Noreg.

Banneord som identitetsmarkør

Norske banneord er særleg knytte opp mot religiøse tabu, som i orda helvete og herregud, eller andre tabubelagde område, særleg sex og avføring: drita, bullshit, fuck, kødd, porno. Undersøkingar viser at frekvensen av banneord hos ungdom ikkje er høgare enn hos eldre menneske, men at dette er sterke ord, og då vil dei raskt skilje seg ut når dei først blir brukte.

Diskursmarkørar

Kvinner bruker ofte fleire småord enn menn når dei snakkar. Desse småorda som ass, bare, liksom og sånn blir kalla diskursmarkørar, og vi bruker dei gjerne i uformelle samtalar. Hyppig bruk av desse småorda blir sett på som typisk for ungdomsspråket, men Hasund peikar på at dette ikkje nødvendigvis er tilfellet. Forskjellen er at ungdom vil bruke desse småorda i meir formelle situasjonar enn det vaksne vil.

Liksom

Eit ord som "liksom" kan verke meiningslaust i språket, men slike diskursmarkørar kan ha viktige funksjonar. Tradisjonelt tilhøyrer liksom ordklassen konjunksjon og bind saman to setningar ved at det tyder ”på same måte som" eller ”slik som”: Han er politi liksom faren. Når vi bruker liksom som diskursmarkør, er det ikkje alltid lett å seie korleis og kvifor vi bruker det, men vi kan skilje mellom tre bruksmåtar:

  • Vi kan bruke liksom som eit samanlikningsord, men då for å dempe det vi seier og gjere det mindre presist, eller for å forsterke det vi seier: "Ho har liksom 100 forskjellige bukser." "Han er liksom så bra!"
  • Den andre måten er å bruke liksom når vi vil forklare noko eller utdjupe noko for den vi snakkar med: "Viss du liksom klikkar der, vil han opne seg." "Du tar liksom første veg til høgre, og så ser du det blå huset på høgre side."
  • Den siste måten er at liksom kan binde saman ytringar, og at vi plasserer liksom før vi skal seie noko: "Eg møtte han på veg heim frå skulen i dag, og eg liksom: 'Hallo, kva skjer?'"

Ordet liksom har blitt sett på som eit jenteord, men det kan henge saman med at dette ordet eignar seg godt som eit verkemiddel i småprat, noko jenter generelt gjer meir enn gutar. Dei bruker også diskursmarkørar, men vel kanskje andre, som berre, sånn derre, ikkje sant og veit du.


Kjelder:

Hasund, I. K. (2006). Ungdomsspråk. Fagbokforlaget.

Uri, H., Husby, O., Tonne, I. & Vestad, J. P. (2008). Snakk om språk. Universitetsforlaget.

Skrive av Marita Aksnes og Torgrim Gram Økland.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019