Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis påverkar medium samfunnet?

Medieutviklinga la grunnlaget for demokratiet i opplysingstida. Mediesituasjon i dag påverkar samfunnet på både godt og vondt.
Tre ungdommar bruker sosiale medium inne i ei skulebygning. I lufta rundt dei svever ikon som illustrerer interaksjonen som går føre seg. Foto og illustrasjon.

Medium er forklart som "eit middel noko blir spreidd gjennom" i nynorskordboka. I kommunikasjonsmodellane våre er medium kanalen kommunikasjonen går gjennom.

Samfunnet i dag er gjennomsyra av medium, det er nesten umogleg å tenkje seg ein kvardag utan. Vi kan seie at vi lever i eit mediesamfunn der media ikkje berre er noko vi bruker når vi skal kommunisere med andre, det utgjer miljøet vi lever liva våre i (Ytreberg, 2008). Korleis påverkar dette samfunnet vårt?

Massemedium og offentlegheita

Massemedium er medium som kan nå fram til svært mange ulike menneske over eit stort geografisk område. Aviser, radio og TV er dei viktigaste massemedia, men bøker, vekeblad, tidsskrift, film, musikkutgivingar og internettet blir òg rekna som massemedium (Syvertsen, 2018).

Medieutviklinga la grunnlaget for demokratiet

Det var mykje vanskelegare å dele og spreie idéar før vi fekk medium som bøker og aviser, så ein viktig påverknad frå media er at dei har bidrege til at vi har ei offentlegheit der fleire og fleire kan delta i ei offentleg utveksling av idéar.

Medieutviklinga på 1700-talet med auka tilgang til bøker, tidsskrift og aviser var heilt avgjerande for at idéane i det vi kallar opplysingstida, fekk spreidd og utvikla seg. Desse idéane var at menneska skulle utvikle fornuft og sjølvstende til å styre seg sjølve, ved å dele og diskutere idéar i offentlegheita. Det at stadig fleire hadde tilgang til informasjon og kunne bidra til den offentlege debatten, la grunnlaget for demokratiet som styringsform. (Krefting, 2020).

Algoritmar og feilinformasjon

Med utviklinga av internett og digitale medium har vi fått ei offentlegheit der alle kan nå ut til store mengder menneske om vi ønskjer det, så lenge vi har nett-tilgang. Før var det redaktørar og forlag som bestemde kven som skulle sleppe til med idéane sine, og dei hadde ansvaret for å sjekke at informasjonen var riktig og av ein viss kvalitet. På plattformer som YouTube og Instagram er det algoritmane som bestemmer kva bidrag som skal nå fram til eit publikum.

Viss du først ser ein video om eit tema på YouTube, bestemmer algoritmar kva videoar du får tilrådd etterpå. 70 prosent vel videoane som blir tilrådde av YouTube (Hareide, 2020). Innhaldet blir spesialtilpassa til deg, men tilrådingane er ikkje baserte på kvalitet. Ein konsekvens av dette er at feilinformasjon kan spreie seg breitt i samfunnet, fordi ingen sjekkar om innhaldet er riktig. Viss du først har vist interesse for videoar med feilinformasjon, blir du ikkje utsett for motstridande informasjon, og då kan til dømes førestillingar om at jorda er flat, til slutt verke normale og sanne.

Filterbobler og polarisering

Før media flytta over til nettet, kunne massemedium ha ein samlande effekt, gjennom at vi såg og las det same innhaldet i nasjonale medium. Dette gav eit felles grunnlag, samtidig som vi i større grad vart utsette for ulike meiningar. Dei digitale media gjer at vi lagar våre eigne , der vi kan blokkere ut synspunkt vi ikkje er samde i og innhald vi ikkje interesserer oss for.

Dette kan føre til at meiningane blir meir ekstreme, sidan vi ikkje blir utsette for motførestillingar som gjer at vi må nyansere synspunkta våre. Det kan òg skape større avstand mellom menneske langs skiljelinjene i politikken, sidan vi ikkje snakkar med dei som ikkje deler ståstaden vår. Omgrepet kan brukast til å beskrive ei slik utvikling der nyansane i debatten forsvinn, og avstandane mellom meiningsmotstandarar blir forsterka.

Tenk over / diskuter:

Kor ofte støyter du på meiningar i media som er motsette av dine eigne?

Kva medium stoler du mest på når det gjeld å hente informasjon som er kvalitetssikra og sann?

Kva slags tilrådingar kjem opp viss du søkjer på ein video om "flat earth" på YouTube?

Ei snakkeboble mot himmelen. Ein del av bobla går i oppløysing og blir til fuglar som flyg bort. Illustrasjon.

Hat og manipulasjon

Historia har fleire døme på at massemedia ikkje berre eignar seg til opplysning, dei har òg vorte brukte til å manipulere store folkegrupper. Nazistane var dei første som brukte massemedia til å påverke store mengder av befolkninga. I Rwanda vart radiosendingar brukte for å skape hat mot tutsiane i forkant av folkemordet i 1994 (Somervile, 2012). I 2017 var Facebook hovudkjelda til hatbodskap og oppmodingar til folkemord av rohingyafolket i Myanmar (Hareide, 2020).

Hat og terror spreier seg via digitale medium

I nyare tid har vi sett at digitale medium har vore svært effektivt til å spreie både feilinformasjon og hat. Terrorgruppa IS bruker digitale medieplattformer aktivt for å spreie idéane sine, noko som har påverka menneske frå heile verda til å gjere seg skuldig i terrorangrep eller reise til Syria for å delta i krigshandlingar der.

Rasisme, antisemittisme og islamofobi blir òg spreidd via nettplattformer som til dømes 8chan. Terroristen bak angrepet på muslimar i Christchurch på New Zealand fekk mange av sine idéar frå manifestet til Utøya-terroristen, som blir delt av høgreekstreme på nett. Han lånte òg element frå online-gamer-kulturen, og live-streama angrepet der han drap 51 menneske, på ein måte som minner om skytespel-videoar. I etterkant vart det til og med laga eit spel der du kunne spele som terroristen og attskape masseskytinga.

Manipulasjon av val

Digitale medium har òg vorte brukt til å manipulere val. Selskapet Cambridge Analytica manipulerte veljarar via Facebook i 2016 under presidentvalet i USA, då Donald Trump vart vald. Dei gjorde dette ved å bruke persondata som vart samla inn ulovleg via Facebook, til å sende bodskap til den enkelte som var individuelt tilpassa og spesialdesigna for å påverke akkurat dei i ønskt retning (Hareide, 2020).

Andreas Wahl brukte same metode for å prøve å påverke skulevalet ved Lillestrøm vidaregåande skule gjennom sosiale medium. Skuleelevane viste god kritisk sans og lét seg ikkje påverke av bodskapane som vart målretta til dei. Sjå NRK-programmet om eksperimentet her:

NRK: Folkeopplysninga – Make Lillestrøm great again

Tenk over / diskuter:

Kva stader på nett kjenner du til der det er vanleg med hatefulle ytringar? Kva gjer du når du støyter på slikt innhald?

Kan du tenkje på andre scenario der dei digitale spora vi legg att på nettet, kan misbrukast?

Medium og makt

Gjennom tidene har dei som kontrollerer media, hatt mykje makt. Forlag, plateselskap og avisredaktørar har bestemt kva tema vi er opptekne av, kva grupper som får delta i offentlegheita, og kva menneske som er synlege.

Høgkultur og lågkultur?

Radio og TV bidrog til at skiljet mellom høgkultur og lågkultur vart mykje mindre, sidan fleire kulturuttrykk vart gitt ein større plass i media. Folkeleg kultur har vorte mykje meir synleg gjennom massemedia, mens den såkalla høgkulturen i form av opera, teater, kunst og klassisk musikk vart gjord meir tilgjengeleg for eit større publikum. På denne måten har media bidrege til å minske skiljet mellom folk i samfunnet, ved at fleire har tilgang til kulturuttrykk over heile spekteret, sjølv om det framleis er forskjellar i kva vi vel å sjå på (Ytreberg, 2008).

Ideal og mangfald

Media har lenge vore ei viktig kjelde til ideal og rollemodellar. Samtidig har media bidrege til urealistiske venleiksideal og kroppspress, gjennom å formidle reklamebodskap i alle kanalar. Nokre grupper har vore meir synlege som rollemodellar enn andre, men i dei siste åra har debatten om retta fokus mot at media skal spegle mangfaldet i samfunnet. Dette har ført til endringar, men det er likevel ein veg å gå når det gjeld å spegle ulik funksjonsgrad, klasse, etnisitet og kjønnsutrykk.

Tenk over / diskuter:

Kor mange menneske med funksjonsnedsetjing følgjer du på sosiale medium?

Kvar trur du at venleiksideala som gjeld i aldersgruppa di, kjem frå?

Globus med musepeikar over. Illustrasjon.

Globalisering

Verda blir mindre og stadig meir kopla saman. Globaliseringsprosessen har gått føre seg sidan mennesket byrja å reise på land og vatn, men prosessen fekk ei enorm fart med medieutviklinga, som har gjort det mogleg å kommunisere på ein augneblink med menneske på andre sida av kloden.

I mediesamfunnet i dag har vi like god tilgang til informasjon utanfor landegrensene som innanfor, og idéar, kulturuttrykk og meiningar flyt fritt på globale, digitale medieplattformer. Dette har påverka samfunnsutviklinga på alle område, som kultur, politikk, klima og økonomi.

Fridom og mangfald?

Sjølv om dei digitale media på nett har gitt oss ein friare tilgang til idéar, menneske og produkt på tvers av landegrenser, er trafikken på internettet i dag i praksis styrt av nokre få store aktørar, som Google, Apple, Facebook og Amazon. Dei tener pengar på å halde oss lengst mogleg online, slik at dei kan samle inn persondata som dei kan selje vidare til firma som bruker informasjonen til å lage stadig meir tilpassa reklame (Hareide, 2020).

Og sjølv om vi har tilgang til kulturelle impulsar frå heile verda, blir vi meir og meir kulturelt like. Vi ser på dei same seriane, høyrer på den same musikken, og vi snakkar det same språket: engelsk.

Tenk over / diskuter:

Kvar i verda kjem filmane og seriane du ser på, avisene du les og musikken du høyrer på, frå?

Kva medium hadde du brukt, om du berre hadde tilgang til norske medium?

Kjelder:

Hareide, D. (2020). Mennesket og tekno-maktene. Hva gjør de nye teknologiene med oss? Aschehoug.

Joyner, A. (2019). Anger Over 'Sick' Video Game That Allows You to Play As Trump Gunning Down Migrants, Feminists and Antifa. Newsweek. https://www.newsweek.com/anger-over-sick-video-game-that-allows-you-play-trump-gunning-down-migrants-feminists-antifa-1441745

Krefting, E. (2020). Opplysingstiden. I Store norske leksikon. https://snl.no/opplysningstiden

Macklin, G. (2019). The Christchurch Attacks: Livestream Terror in the Viral Video Age. CTC Centinel 12 (6). https://ctc.usma.edu/christchurch-attacks-livestream-terror-viral-video-age/

Orgeret, K. S.; Dvergsdal, H. (2020). filterboble. I Store norske leksikon. https://snl.no/filterboble

Somerville K. (2012) Rwanda: Genocide, Hate Radio and the Power of the Broadcast Word. I Radio Propaganda and the Broadcasting of Hatred. Palgrave Macmillan. https://doi.org/10.1057/9781137284150_5

Syvertsen, T. (2018). Massemedier. I Store norske leksikon. https://snl.no/massemedier

Thorsen, D.E. (2020). polarisering. I Store norske leksikon. https://snl.no/polarisering

Ytreberg, E. (2008). Hva er medievitenskap. Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Medium og kommunikasjon