Utforsk sjølvpresentasjon og identitet - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk sjølvpresentasjon og identitet

Kva seier bileta vi legg ut på sosiale medium, om kven vi er og kven vi vil vere? Utforsk identitet og sjølvpresentasjon i sosiale medium.

Kva er sjølvpresentasjon i sosiale medium?

  • Les artikkelen om sjølvpresentasjon og identitet under.
  • Bruk fagartikkelen til å lage ei sjekkliste over kva du må sjå etter når du skal undersøkje sjølvpresentasjon i sosiale medium. Døme på dette kan vere klede, mat, ting som blir viste i biletet, og staden biletet er teke.

Relatert innhald

Undersøk sjølvpresentasjonen til ein partileiar

Identitet er tett knytt til politikk i dagens politiske klima. Vi stemmer på dei vi føler representerer oss på fleire måtar. Derfor kan vi tenkje oss at sjølvpresentasjonen til politikarar er nøye planlagd. Korleis framstår leiarane av dei politiske partia i Noreg? Jobb i grupper, og fordel partileiarane mellom dykk.

  • Bruk sjekklista frå del 1 til å undersøkje sjølvpresentasjonen til ein av partileiarane på ei eller fleire plattformer.
  • Korleis framstår partileiarane gjennom bileta og orda dei bruker? Korleis vil du beskrive identiteten dei uttrykkjer?
  • Kva veljargrupper trur de partileiarane appellerer til?
  • Er sjølvpresentasjonen truverdig? Altså: Verkar identiteten partileiarane presenterer, autentisk?
  • Presenter det de har funne, for klassen. Hugs å ta med døme som illustrerer funna dykkar.
  • Samanlikn sjølvpresentasjonen til partileiarane i klassen etterpå, og diskuter likskapar og forskjellar.

Kritisk tenking om sjølvpresentasjon

  1. Sjå NRK-dokumentaren Influenser.
  2. Bruk det du har lært om sjølvpresentasjon og sosiale medium frå oppgåvene og dokumentaren, og finn fleire døme på korleis offentlege personar framstiller seg sjølve i sosiale medium.
  3. Del og diskuter med klassen:
  • Kvifor kan det vere viktig å vere kritiske til korleis offentlege personar presenterer seg sjølve på sosiale medium?
  • Er det mogleg å presentere seg sjølv på ein ekte og autentisk måte på sosiale medium?
Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2020