Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis påverkar medium individet?

Nye medium skaper ofte nye bekymringar for skadeverknader dei kan ha på barn og unge. Korleis påverkar medium oss som individ?
Gut sit framom ein dataskjerm og speler eit spel. Foto.

Mediepanikk og bekymringar om påverknaden til media

Heilt sidan antikken har nye medium skapt bekymringar for at dei skal påverke oss menneske på ein negativ måte. Sokrates hadde store bekymringar om kommunikasjon via penn og papir, fordi han var redd for at ungdomen ikkje skulle klare å hugse noko når dei kunne skrive ned tankane sine, og at tanken kunne kome på avvegar og hamne i feil hender. (Furedi, 2015). Omgrepet mediepanikk beskriv slike bekymringar om nye medium, som ikkje alltid har eit grunnlag.

Då telefonen kom, var det nokon som var redde for at kvinner kom til å snakke heile dagen i telefonen, og i nyare tid har det vore bekymringar om at dataspel gjer ungdom valdelege. I dag er det mykje snakk om effekten sosiale medium har på den mentale helsa til barn og unge.

Vi kan flire av Sokrates sine bekymringar i dag, og dei fleste har eit meir nyansert syn på dataspel enn for berre eit tiår tilbake. Med litt avstand ser vi at det er måten media blir brukt på, som er problemet, ikkje media sjølv. Stemmer dette for dei nye, digitale media òg? Vi veit kanskje meir om dette om ti år, med litt avstand til alt det nye.

Denne filmen om mediepanikk beskriv nokre av bekymringane om korleis media påverkar oss i dag:

Tenk over / diskuter:

Er bekymringane over den digitale medierøyndomen i dag rimeleg, eller er dette eit døme på mediepanikk?

Er det for stort fokus på barn og unge i dagens diskusjon om mediepåverknad, eller diskuterer vi problem kring medievanane til eldre og vaksne òg? Kva med kjønnsforskjellar?

Mediekommunikasjon er ein kompleks prosess

Vi har lenge vore opptekne av korleis massemedia påverkar oss som menneske. Det har vore mykje fokus på sjølve medieinnhaldet, og korleis dei som sit med makta har kunna få støtte hos folket ved å formidle bestemde røyndomsbilete eller gjennom media. Det har òg vore bekymringar om at det å bli utsett for innhald som til dømes vald og seksualitet, påverkar unge mottakarar til å bli meir valdelege eller ha meir sex.

Tanken som ligg bak, er at vi som mottakarar lèt oss påverke av meldingar som blir formidla til oss gjennom ulike medium. Trua på at mediebodskap påverkar oss, er grunnen til at bedrifter og organisasjonar bruker så mykje pengar på å formidle reklamebodskap til oss. Men som med all annan kommunikasjon er mediekommunikasjon ein kompleks prosess, og det er ikkje slik at medieinnhald alltid når direkte fram til mottakaren og blir tolka etter intensjonane til avsendaren.

Tenk over / diskuter:

Kva er det som avgjer om du blir påverka av reklamebodskap?

Kva tenkjer du om denne påstanden: "Valdelege dataspel kan gjere spelarane meir valdelege i røynda".

Vi er ikkje passive mottakarar

Den britiske kultur-teoretikaren Stuart Hall brukte semiotikken og omgrepa innkoding og avkoding for å beskrive mediekommunikasjon (Gripsrud, 2007). Semiotikk, eller teiknlære, handlar om at teikna ikkje betyr noko i seg sjølv, men blir gitt meining av både mottakar og avsendar.

Sender innkodar eit ønskt betydingsinnhald som byggjer på sosiale og kulturelle oppfatningar. Mottakarane deler ikkje nødvendigvis desse sosiale og kulturelle oppfatningane, og kan avkode mediekommunikasjonen på ein annan måte enn det sendaren ønskjer seg.

Stuart Hall skilde mellom ei dominerande lesing (avkoding) av mediebodskap, som er den som avsendaren ønskjer, og ei opposisjonell lesing, der mottakaren gjer motstand og avkodar meldinga på ein måte som er i konflikt med intensjonen. Han hadde òg ein blandingskategori som han kalla ei forhandlande lesing (Gripsrud, 2007).

Eit døme:

Du er mottakar av ein reklamebodskap frå ein influensar på Instagram, i form av eit bilete og tekst som framstiller eit venleiksprodukt på ein positiv måte. Du tenkjer anten at "oi, dette såg bra ut, eit slikt produkt vil eg òg ha" (dominerande lesing), eller "dette er berre tull, h*n får betalt for å seie det, og dessutan bidreg dette til kroppspress" (opposisjonell lesing). Eller kanskje tenkjer du at "dette ser bra ut, men eg må teste det ut før eg kjøper det, sidan dette er sponsa innhald" (forhandlande lesing).

Tenk over / diskuter:

Kva type lesing er mest treffande for korleis du er som mottakar av reklamebodskap?

Ei rekkje figurar i svart og éin figur i raudt med "tommel ned"-symbolet frå sosiale medium over hovuda. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Identitet

Medierøyndomen i dag er mykje meir kompleks enn i tida før 2000. Då gjekk nettutviklinga over i ein annan fase, der brukarskapt innhald, sosiale nettverk og interaktivitet vart stadig viktigare. Vi er ikkje lenger berre mottakarar av mediebodskap, vi er òg produsentar. Mykje av innhaldet vi produserer, er i sosiale medium, og det har vorte slik at dette innhaldet blir ein måte å vise fram kven vi er på. Vi seier at sosiale medium har vorte ein arena for identitetskonstruksjon. Korleis påverkar dette oss som menneske?

Perfeksjonspress

Eit problem er at profilane våre på sosiale medium er sterkt redigerte og finpussa versjonar av oss sjølve. Når vi berre møter redigerte, perfekte versjonar av andre, kan det få oss til å tru at det er dette som er normalen. Dette igjen kan føre til at vi kjenner eit press på å ha ein perfekt utsjånad, og studiar viser at det er ein samanheng mellom å vere mykje på sosiale medium, og det å oppleve kroppspress (Bakken, Sletten & Eriksen, 2018).

Identiteten blir ei vare

Ei anna side ved påverknaden til media på identitet, er at vi kan få eit forhold til oss sjølve som noko som har ein slags marknadsverdi. Professor Sherry Turkle har beskrive det som at sosiale medium ikkje handlar om å uttrykkje seg sjølv, men å skape eit innhald som andre kan forbruke. Identiteten din blir ei vare. Gjennom blir likt, "vener" og kommentarar får vi tydelege tilbakemeldingar frå marknaden på kor bra denne vara er, vi får ein marknadsverdi. Men menneske er ikkje varer, vi har ein eigenverdi som er viktig for sjølvbiletet. Viss vi manglar eit skilje mellom korleis vi ser på oss sjølve, og det sjølvet vi presenterer på sosiale medium, kan det gå hardt utover sjølvkjensla å ikkje få nokon likarklikk eller positive kommentarar (Pinero, 2017).

Tenk over / diskuter:

Korleis kan vi bli klare over at dei perfekte versjonane av andre sine liv som ligg ute på sosiale medium, ikkje er verkelege?

Synest du det er lett å skilje mellom den verdien du har som menneske, og den verdien du har på sosiale medium? Grunngi.

Ei gruppe ungdomar tek sjølvi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontakt og einsemd på sosiale medium

Ei av dei positive sidene med media er at dei kan minske avstanden mellom menneske i tradisjonelle medium som aviser og TV, der vi som mottakarar kan delta i debatten og kommentere medieinnhaldet dei serverer oss direkte. Sosiale medium gjer òg at vi kan kome i kontakt med kvarandre, og halde kontakten, over store geografiske avstandar.

Samtidig er det òg sider ved sosiale medium som kan gjere at vi kjenner oss meir einsame og isolerte. Når du ser på sosiale medium at "alle andre" har det morosamt og er sosiale, er det lettare å kjenne seg einsam. Vi har òg fått eit eige omgrep, FOMO (fear of missing out), for å beskrive kjensla du får av å sjå på alt det fantastiske andre legg ut på sosiale medium. Då er det lett å føle at du går glipp av noko heile tida, at du eigentleg skulle gjort noko anna, og vore "der det skjer".

Så korleis påverkar media oss?

Sosiale medium kan altså både knyte oss tettare saman og gjere oss meir einsame, fordi det heile tida er eit samspel av faktorar som avgjer kva slags påverknad media har på oss. Sjølv om det ikkje finst enkle svar på korleis ulike medium påverkar oss som menneske, betyr det ikkje at det ikkje er viktig å stille spørsmål ved medium og påverknad.

Tenk over / diskuter:

Korleis vil du svare på spørsmålet i overskrifta etter å ha lese artikkelen?

Kva vil du seie er den viktigaste påverknaden frå media i ditt liv?

Kjelder

Bakken, A., Sletten, M. & I. Eriksen (2018). Generasjon prestasjon? Ungdoms opplevelse av press og stress. I Utdanningsforskning. https://utdanningsforskning.no/artikler/generasjon-prestasjon-ungdoms-opplevelse-av-press-og-stress/

Furedi, F. (2015). Power of reading. From Socrates to Twitter. Blooomsbury.

Gripsrud, J. (2007). Mediekultur, mediesamfunn. 3. utg. Universitetsforlaget.

Pinero, J. (2018). Instagrams commodification of the self. I The Cornell Sun. https://cornellsun.com/2018/10/24/pinero-instagrams-commodification-of-the-self/

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Medium og kommunikasjon