Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Medium og manipulasjon

Kan sosiale medium true demokratiet? Lær om dette i Folkeopplysningen frå NRK, der dei prøver å manipulere skulevalet ved Lillestrøm videregående skole.

Sjå NRK-programmet "Folkeopplysningen: Make Lillestrøm great again" saman eller åleine.

Spørsmåla under er i kronologisk rekkjefølgje. Stopp og svar på spørsmåla undervegs, skriftleg om du jobbar åleine, munnleg om de ser han saman.

Svar på desse spørsmåla:

  • Rektor sa ja til å delta i eksperimentet fordi han meinte det var mykje god læring i dette. Svaret hans var ja – kva meiner de?

  • Kven er Espen Teigen og Sindre Beyer? Oppsummer råda om kommunikasjon med veljarar, som Andreas Wahl får frå desse to.

  • Kvifor bestemmer dei seg for å lage ein meme-konto på Instagram?

  • Korleis vart Facebook brukt under USA-valet? Korleis bruker Folkeopplysningen Facebook?

  • Kva seier Tore Tennøe om korleis vi blir manipulerte i sosiale medium? Kven står bak, og kvifor gjer dei dette? Er du overraska over det Tennøe seier?

  • Kva seier Bente Kalsnes om falske nyheiter i Noreg? Kven står bak, og kva er målet deira? Kva seier Kalsnes om unge mediebrukarar og kjeldekritikk?

  • Korleis kan du kjenne igjen falske nyheiter?

  • Falske nyheiter kan påverke eit val, sjølv om dei blir avslørte, seier Sverre Diesen. Kan det som skjedde under USA-valet i 2020 støtte det han seier?

  • Deepfake-teknologi blir nemnt som ein framtidig trussel. Korleis trur de denne teknologien kan brukast til å påverke og manipulere demokratiet i framtida? Kva kan gjerast for å forhindre dette? Sjå videoen under viss du vil vite meir om deepfake.

Telenor Norge på YouTube: Dette er Deepfake - og derfor kan det være farlig

Diskuter og reflekter etter at de har sett programmet:

  • Trur de eksperimentet hadde hatt eit anna utfall om deltakarane var i aldersgruppa 40–60?

  • Kva ville de gjort annleis om de skulle gjenteke eksperimentet på skulen dykkar?

  • NRK fekk kritikk for programmet. Les om dette i lenkjene under. Kva tenkjer de om kritikken?

Journalisten: Folkeopplysningen fikk både kraftig kritikk og skryt i Kringkastingsrådet

VG: NRK felt i PFU for omstridt "Folkeopplysningen"-episode

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021

Læringsressursar

Medium og kommunikasjon