Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Emojiar, eit nytt verdsspråk?

Sjå filmen Emojier, et nytt verdensspråk?, og reflekter over korleis emojiar kan gjere kommunikasjon både lettare og meir vanskeleg.

Oppgåver

  • Bruker du emojiar? Kvifor, eller kvifor ikkje?
  • Kva tre emojiar bruker du mest? Samanlikn med dei andre i klassen og diskuter kva emojiar som blir mest brukte.
  • Det kjem fram i filmen at kvinner bruker emojiar meir enn menn. Veit du noko om kjønnsforskjellar i kommunikasjon og språkbruk som kan forklare dette?
  • Emojiar kan forsterke ein bodskap, men kan òg forvirre. Gå saman i par og sjå om de har lik forståing av emojiane som er tilgjengelege i den meldingstenesta de bruker mest.
  • Gir emojiar betre eller dårlegare kommunikasjon? Finn gode argument for begge syn, og diskuter.
  • I 2015 fekk vi valet mellom fem ulike hudfargar på emojiar. Kvifor trur de denne moglegheita kom?
  • Forsking om hudtonar på emojiar har peika på at kvite oftast vel den gule standardfargen i staden for den lysaste hudtonen (Reed, 2018). Kva kan vere forklaringar på dette?

Kjelde

Reed, J. (2018, 18. desember). The problem with emoji skin tones that no one talks about. Daily dot. https://www.dailydot.com/irl/skin-tone-emoji/

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2021

Læringsressursar

Medium og kommunikasjon