Hopp til innhald

Fagstoff

Sosiale medium og kommunikasjon på nett

Internett gjer det mogleg å kommunisere med få eller mange, og på mange ulike måtar. Ikkje minst har sosiale medium påverka korleis vi kommuniserer. Kven kommuniserer du med, i kva medium og på kva måte?
Skjerm som viser utsnitt frå nettlesar med Facebook. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Facebook, Youtube, Twitter og Instagram er døme på sosiale medium, og dei kallast gjerne òg Web 2.0-teknologi. Nokre kjenneteikn for sosiale medium er at brukarane opprettar ein profil på ein nettstad. Her kan dei til dømes dele informasjon, utveksle erfaringar, diskutere, leggje ut bilete og videoar, og spele spel.

Språket i sosiale medium er gjerne metaforisk. På Facebook har du mange ”vener”, men ”vener” på Facebook er ikkje det same som vener i det verkelege livet. Og skriv du på veggen til nokon på Facebook, gjer du sjølvsagt ikkje det når du er på besøk hos venene dine.

Tenk over / diskuter:

Kva andre ord og omgrep bruker vi når vi snakkar om sosiale medium?

Trekk frå både munnleg og skriftleg kommunikasjon

Nettkommunikasjon har likskapstrekk med munnleg kommunikasjon. Han skjer over kort tid og kan vere lite planlagt, men ein viktig forskjell er at han enkelt kan bli lagra. Avstanden i tid og rom kan nærast forsvinne, og vi kan kjenne sosial nærleik sjølv om den geografiske avstanden er stor.

Avstanden i tid kan variere, men mykje av nettkommunikasjonen skjer i sanntid og er avhengig av å bli lese her og no. Sjølv om innlegg blir liggjande i ein historikk og er søkbare, forsvinn dei nedover i ein tråd eller på ein vegg.

Samtidig har nettkommunikasjon likskapstrekk med skriftleg kommunikasjon fordi vi skriv. Dei formelle krava er derimot ikkje alltid like strenge, men dette vil avhenge av sjangeren. Det er forskjell på å sende ein e-post og chatte, og mottakaren av e-posten eller han ein chattar med, vil vere med på å bestemme stil og språkbruk. Her kan sosiale faktorar som alder, kjønn, makt, yrke, sosial og økonomisk bakgrunn påverke kommunikasjonen.

Tenk over / diskuter:

Kva for nokre munnlege trekk bruker du når du skriv? Er det forskjell på korleis du skriv i dei ulike sosiale media? Kvifor?

Nye kanalar fører til nye konvensjonar for kommunikasjon

Kulturkonteksten for kommunikasjon er kulturelle kodar og konvensjonar som vi bruker når vi skaper og tolkar innhaldet og forma på meldingane vi sender. Sidan digitale medium er ei relativt ny oppfinning, har det ikkje vore så mange etablerte spelereglar for korleis denne kommunikasjonen skal gå føre seg.

Vi har sjølvsagt kunne ta med oss mange konvensjonar frå avlogga kommunikasjon, men det har òg kome nye konvensjonar tilpassa dei nye kanalane. Eit døme er bruken av forkortingar som "brb" (be right back). Dei har vorte vanlege i chattar fordi desse utvekslingane liknar meir på munnlege samtalar enn brevveksling, og då er det å skrive raskt viktig for at samtalen skal flyte godt.

Sosiale faktorar kan viskast ut

Sjølv om vi ovanfor sa at sosiale faktorar speler ei rolle i nettkommunikasjon (og i all kommunikasjon), kan faktorar som alder, kjønn, sosial klasse og yrke blir viska ut på nett. Kontaktar kan knytast der ein før neppe ville ha knytt kontaktar, og på mange måtar blir verda mindre. Grupperingar oppstår på tvers av vener og kjende. Vi ser ikkje ho vi skriv med, og forholdet blir annleis enn om vi hadde møtt vedkomande i det verkelege livet. Dermed kan det òg oppstå nye samband som bryt med tradisjonelle sosiale mønster.

Twitter er eit døme på eit nettsamfunn der all kommunikasjon går føre opent seg. Brukarane har 280 teikn til å skrive ei melding, og brukarane kan ha ”følgjarar” eller ”følgje” andre frå ei rekkje ulike sosiale grupper. Ein kan velje å følgje statsrådar, kjendisar, forfattarar, journalistar, kollegaer og vener. Via eit breitt nettverk følgjarar kan ein nå ut til mange menneske frå ulike sosiale lag og i ulike aldersgrupper samtidig, og det kan oppstå kommunikasjon mellom menneske som kanskje elles aldri ville kommunisert med kvarandre.

Seks personar deltek i eit digitalt møte. Foto.

Kva mistar vi, når vi kommuniserer via skjerm?

Video-samtalar har vorte meir og meir vanlege, og kan på overflata likne på dei samtalane vi har ansikt til ansikt. Men er det ikkje noko som manglar?

For det første mistar vi mykje av den ikkje-verbale kommunikasjonen, når vi ikkje er i same rom med kroppane våre som dei vi snakkar med. Då kan vi gå glipp av viktige signal og nyansar, til dømes ikkje-verbale signal som handlar om turtaking.

Videosamtalar har òg ein mykje meir definert start og slutt enn dei fleste samtalar der vi møtest fysisk. Då går vi òg glipp av småpraten før og etter, og den mellommenneskelege funksjonen denne kommunikasjonen har.

Vi mistar òg blikk-kontakten. Skal du sjå direkte i auga må du sjå inn i kameraet, mens viss du møter blikket til møtedeltakarane på skjermen, ser det ut som at du ser ned. Det er òg mange som av ulike årsaker ikkje vil ha på kameraet sitt i videosamtalar med fleire deltakarar. Då kan vi kjenne på kor avhengige vi er av tilbakemeldingar i kommunikasjonen med andre.

Tenk over / diskuter:

På videomøte ser vi ikkje berre dei vi snakkar med, men oss sjølve. Kva gjer det med kommunikasjonen?

Kvifor er småpraten før og etter møte og skuletimar viktig?

CC BY-SASkrive av Marita Aksnes, Torgrim Gram Økland og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2021

Læringsressursar

Medium og kommunikasjon