Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis påverkar sosiale medium identitet?

Sjå filmen om sosiale medium og identitet, og lag ein presentasjon med utgangspunkt i eit sitat frå filmen.

Denne filmen tek for seg mange måtar sosiale medium kan påverke identitet på. Bruk sitat frå filmen til å fordjupe dykk i eitt av temaa frå filmen.

  • Gå saman i par eller grupper, og vel eitt av sitata under frå filmen som utgangspunkt for ein presentasjon om sosiale medium og identitet.

  • Bruk fagstoff og omgrep frå ressursar i emnet "Mediert kommunikasjon".

Sitat frå filmen:

Å vere seg sjølv på sosiale medium handlar meir om å finne ein balanse mellom det private og det offentlege deg, enn det å dele alt med alle.

Alle har behov for å vise den beste versjonen av seg sjølv.

Eit av dei vanlegaste motiva å poste i sosiale medium er bilete der vi er saman med andre.

Det få respons og tilbakemelding på kven du er i sosiale medium, er ein viktig del av det å utvikle ein identitet.

Sosiale medium har vorte ein viktig arena for kjendisar og såkalla påverkarar, men no er kjendisane og påverkarane på same arena som oss.

Sosiale medium skaper eit falskt gjennomsnitt.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Medium og kommunikasjon