Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Uro: Sykt sosial

Korleis påverkar sosiale medium individet og samfunnet? I denne episoden av serien Uro lyttar Leo Ajkic til folk sin uro for sosiale medium. Han testar òg om han sjølv er avhengig.

Tenk over desse spørsmåla før du ser episoden:

  • Kva sosiale-medium-appar har du på mobilen? Viss du ikkje bruker sosiale medium, kvifor ikkje?

  • Kor ofte sjekkar du mobilen, trur du?

  • Kva er det du faktisk gjer når du sjekkar mobilen (skrollar, liker, deler, søkjer opp noko)?

Spørsmål til episoden:

  • I episoden stiller Leo Ajkic spørsmålet "Korleis er det å leve av å vere lykkeleg?" Kva fortel dette spørsmålet oss om sosiale medium i samfunnet i dag?

  • Kva tenkjer de er greitt og ikkje greitt å dele i sosiale medium når ein er ein påverkar med mange følgjarar?

  • Kva for nokre positive sider ved sosiale medium kjem til uttrykk i episoden?

  • Kva for nokre negative sider ved sosiale medium kjem til uttrykk i episoden?

  • I episoden besøkjer Leo Ajkic eit rehabiliteringssenter for dei som er avhengige av mobil og sosiale medium. Kva fortel dette oss om korleis sosiale medium påverkar både individet og samfunnet?

  • I episoden stiller Leo Ajkic spørsmålet: "Kva skjer med oss når vi heile tida blir vurderte av andre?" Kva vil du svare på det?

  • Kva er Leo Ajkic si oppmoding mot slutten av episoden? Følgde du oppmodinga?

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021

Læringsressursar

Medium og kommunikasjon