Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lever du i ei filterboble?

Utforsk korleis algoritmane på sosiale medium kan skape filterbobler.
Studentar sit i ein sofa og bruker sosiale medium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi veit at til sosiale medium påverkar kva slags innhald vi får opp der, basert på data som blir samla inn om brukarane. Dette har ført til omgrepet . Algoritmane er forretningsløyndommar, så det er vanskeleg å vite kva dei baserer seg på. Dei blir òg justerte og utvikla heile tida, så vi veit ikkje akkurat korleis dei sorterer innhaldet ditt på sosiale medium.

Kva slags innhald lèt algoritmane deg sjå?

  • Gå saman i par, der de samanliknar kva slags innhald som kjem opp som tilrådingar og i nyheitsfeeden på sosiale medium de begge har profilar på, og som de er komfortable med å dele.

  • Be òg om å få sjå innhaldet i dei same sosiale media hos ein vaksen du kjenner. Kor likt eller ulikt er innhaldet med det du finn på dei sosiale media dine?

  • Vil de seie at eksperimentet stadfestar eller avkreftar teorien om filterbobler?

  • Diskuter påstanden: "Dei sosiale media gir oss ulike verdsbilete".

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2021

Læringsressursar

Medium og kommunikasjon