Hopp til innhald

Fagstoff

Medium og kommunikasjon

Menneske har alltid hatt behov for å kommunisere via eit medium, men media har endra seg gjennom tusenvis av år. Korleis påverkar val av medium kommunikasjonen?
Noregs første datamaskin som fyller eit helt rom og mann i kvit frakk som står ved sida av. Foto.

Det er ikkje så veldig lenge sidan ein mobiltelefon var på storleik med eit leksikon, og ei datamaskin kravde nesten eit heilt rom. Utviklinga dei siste 30 åra har gått i eit rasande tempo. Viss du spør ein pensjonist korleis det var då han var ung, blir dette veldig tydeleg.

I dag tenkjer vi knapt på korleis den teknologiske utviklinga påverkar oss, men det endrar både måten vi tenkjer på og måten vi lever liva våre på. Tenk berre over kva du bruker mobiltelefonen din til. Korleis hadde livet ditt endra seg om du ikkje hadde hatt tilgang til internett?

Kommunikasjon går raskare

Teknologiutviklinga har påverka korleis vi kommuniserer med kvarandre. Menneska har i fleire tusen år hatt behov for å kommunisere på andre måtar enn berre ansikt til ansikt. Eit døme på det er tusen år gamle runeinnskrifter med bodskap hogge inn i stein eller rissa inn i tre. Seinare overtok breva, telegramma og faksane formidling av bodskap gjennom skriven tekst. Kommunikasjon på denne måten tok tid.

Det vart lettare, og det gav meir direkte kommunikasjon mellom menneske, då fasttelefonane vart vanlege i dei fleste heimar. I dag er det få som har fasttelefon, og mange bruker andre kanalar for å kommunisere. Du kan kommunisere når som helst, på mange ulike måtar, og med kven som helst over heile verda.

To menneske held ein plakat kvar der det står "Avsendar" og "mottakar". Mellom dei er tre boksar med teksten "koding", "kanal", "avkoding". Ordet "støy" over "kanal"-boksen og "tilbakemelding" med pil går frå mottakar til avsendar. Ilustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avsendar og mottakar blir bundne saman

Kommunikasjon og medium er latinske ord. Kommunikasjon betyr “å gjere felles”, medan medium betyr “det som er i midten”. Nynorskordboka definerer medium slik: "middel som noko blir spreidd gjennom". I prosessmodellen for kommunikasjon ser vi sambandet mellom omgrepa kommunikasjon og medium. Mediet er ein kanal som bind saman avsendar og mottakar.

Val av medium påverkar kommunikasjonen

Val av medium skaper ulike føresetnader for kommunikasjon, både for avsendar og mottakar. Vi kan velje å uttrykkje oss verbalt og / eller ikkje-verbalt, og vi kan uttrykkje oss gjennom tekst, bilete, lyd og film. I tillegg har digitale medium ulike eigenskapar som kan påverke korleis kommunikasjonen går føre seg.

Mediet vi vel, vil ha betyding for meldinga og kommunikasjonen:

  • Ein reklamefilm på YouTube har andre føresetnader enn ein annonse i ei papiravis.
  • Ei nyheitssending på radio har andre føresetnader enn ei nyheitssending på fjernsyn.
  • Ein videosamtale på Zoom eller Teams har andre føresetnader enn ein samtale utan bilete på telefonen.
  • Eit innlegg på ein open profil på Facebook har andre føresetnader enn eit innlegg i ei privat chattegruppe med vener.

Tenk over / diskuter

Kva eigenskapar har dei sosiale media du bruker mest, og korleis påverkar dette korleis du kommuniserer på desse plattformene?

CC BY-SASkrive av Marita Aksnes og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Medium og kommunikasjon