Hopp til innhald

Fagstoff

Munnlege tekstar

Munnleg kommunikasjon kan vere å diskutere med vener, snakke i telefonen eller halde eit foredrag. I mange tekstar er det munnlege aspektet viktig, som i radio, podkastar eller videoar på YouTube.
Jente med hovudtelefonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er likevel langt frå berre det munnlege som er til stades i desse tekstane. Held du eit foredrag, bruker du kanskje ein PowerPoint og kroppsspråk for å formidle ein bodskap. I ein podkast vil det vere jinglar og lydeffektar, og ser du på YouTube, er det visuelle heilt sentralt.

Definisjon:

Munnlege tekstar er tekstar der munnleg kommunikasjon er den dominerande uttrykksforma, men der også andre element som stemmebruk, tonefall, dialekt, kroppsspråk, klede, musikk og bilete vil vere sentrale for å forstå samspelet i teksten.

Kjenneteikn ved munnlege tekstar

Bruk av stemme og høyrsel

Eit viktig kjenneteikn ved ein munnleg tekst er at stemma er hovudmediet, og vi må bruke høyrslesansen for å avkode teksten. Ein munnleg tekst vil derfor vere Nokre gonger er stemma vår mediet, andre gonger blir det brukt medium som tv og radio for å formidle den munnlege teksten.

Stor grad av spontanitet

Mange munnlege tekstar er lite planlagde, spontane og lite varige, mens andre er meir planlagde:

  • I ein samtale har vi lita tid til å planleggje det me skal seie. Vi kan reagere med ein gong på noko som blir sagt, og samtalen treng ikkje å vare meir enn eit par minutt.
  • I ei nyheitssending på radioen vil nyheitsopplesaren ha eit ferdigskrive manus, samtidig som det kan vere innslag av intervju der nyheitsopplesaren ikkje kan planleggje alle detaljar.

Bruk av ikkje-verbal kommunikasjon

To vener som snakkar saman, kan sjå kvarandre og ha ein dialog. Undervegs i samtalen kan dei bruke mimikk, kroppsspråk og tonefall når dei snakkar med kvarandre. Ved å heve stemma kan dei markere usemje, ved å nikke med hovudet kan dei markere semje. Dei kan avbryte kvarandre og stille spørsmål når dei ikkje forstår.

Bruk av småord

Å snakke som ein skriv, er vanskeleg. Når vi snakkar, bruker vi småord som ”liksom”, ”på ein måte”, ”skjønar du”, ”ikkje sant”, eller nøleord som ”eh..”, ”hm..”, og vi uttrykkjer oss meir uformelt. Fleire av ytringane kan òg vere ufullstendige, men sett i samanheng med resten av samtalen, og som ein del av ein større kontekst, vil dei likevel gi meining.

Bruk av tilpassa munnleg språk

Ein munnleg tekst vil ha eit munnleg språk, men språket må tilpassast sjangeren og konteksten, slik det må i alle tekstar.

Tenk deg at nyheitssendinga for i dag startar slik: ”I dag har det, eh, på ein måte, vore ei slags ulykke, liksom, ein eller annan stad, eg hugsar ikkje heilt kvar, trur eg …” Dette er språkbruk vi tenkjer på som privat, og som vil passe betre til ein samtale mellom to vener.

I ei nyheitssending er språkbruken offentleg. Nyheitsopplesaren skal formidle nyheitene til mange mottakarar, og det stiller visse krav til språkbruken. Språket må vere formelt, korrekt og presist, og avsendaren har tid til å førebu det som skal bli sagt.

Sosiale og kulturelle faktorar speler inn

Måten vi bruker språket på, heng òg saman med sosiale og kulturelle faktorar som makt, kjønn, alder, sosial og kulturell bakgrunn og sosioøkonomisk status. Ungdomar har måten sin å bruke språket på, og gutar og jenter har ofte ulike måtar å uttrykkje seg på. Også innanfor ulike yrkesgrupper finn vi eigne måtar å bruke språket på.

Tenk over / diskuter

Kva for nokre munnlege tekstar møter du på i kvardagen? Kva slags modi er viktige i desse tekstane?

CC BY-SASkrive av Torgrim Gram Økland og Marita Aksnes.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2021

Læringsressursar

Kva er ein tekst?