Hopp til innhald

Fagstoff

Tekst, samanheng og føremål

Eit av kriteria for å kalle noko ein tekst, er at det kommuniserer og kan trekkjast meining ut av. Teksten må òg ha ein viss samanheng. Men kva skal til å for å skape meining og samanheng?
Bruksrettleiing og verktøy for å montere flatpakka møblar frå IKEA. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Er dette ein tekst?

Jenta bråbremsa. No kastar eg ballen. Unbrakonøkkelen skal dreiast rundt tre gonger. Grovt brød inneheld mykje jern.

Vi forstår kva som blir sagt i setningane over, men vi ser ingen samanheng mellom dei fire setningane, og kva dei saman skal bety. Det er vanskeleg å trekkje ut noka meining av det vi les, eller sagt på ein annan måte: Setningane kommuniserer ikkje noko meiningsfylt, og det er ikkje nokon samanheng mellom dei.

Rolla til avsendar og mottakar

I og med at dette faget i stor grad handlar om kommunikasjon, vil vi hovudsakleg jobbe med tekstar som faktisk kommuniserer noko meiningsfylt for den som les teksten, altså mottakaren.

Avsendarane vil på si side som regel ha eit føremål med tekstane dei sender frå seg. Kanskje vil dei prøve å ytre ei personleg meining, kanskje vil dei overtyde oss om noko, eller kanskje vil dei berre gi oss ei oppleving eller setje oss i ei stemning.

Det vil som regel alltid vere slik at vi som mottakar av ein tekst må fylle inn noko informasjon sjølv, for at teksten skal gi meining for oss. Ein tekst som seier alt, vil både bli svært kjedeleg og tung å lese, og ikkje minst svært lang. Tenk berre kor langt tekstdømet ovanfor hadde vorte om vi skulle forklart kva alle orda betydde! For at ein tekst skal kunne kommunisere, må det vere ein balansegang mellom det å seie for mykje og det å seie for lite.

Det må vere samanheng

Eit viktig krav til tekstar, både for at mottakaren skal klare å trekkje ut ei meining, og for at mottakaren skal kunne nå føremålet sitt, er at dei har ein viss samanheng. Tekstdømet ovanfor manglar dette. Sjølv om orda, og også setningane kvar for seg, gir meining, ser vi ingen samanheng i heilskapen. Det er ikkje noko samlande emne eller tema, og kvar setning kjem meir eller mindre som ei overrasking.

Det er fleire måtar å skape samanheng på, og som regel treng vi ikkje tenkje så mykje over det heller. Berre det å gi teksten ein tittel kan vere med på å førebu lesaren på kva som møter han.

Duchamps pissoar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kunstverket Fountain av Marcel Duchamp er eit døme på dette. Duchamp tok eit vanleg pissoar og stilte det ut som ein skulptur på ei kunstutstilling.

I seg sjølv er det vanskeleg å tenkje seg pissoaret som noko anna enn nettopp eit pissoar. Men ved mellom anna å plassere pissoaret i eit kunstgalleri og gi verket ein tittel som betyr fontane, skaper kunstnaren nye forventningar til mottakaren – vi ser på gjenstanden med ønske om å forstå noko.

Vi forstår teksten ut frå kontekst

Konteksten, altså situasjonen rundt kommunikasjonen, fungerer på same måte. Situasjonen påverkar forståinga vår. Når vi er i eit kunstmuseum, er vi førebudde på å tolke daglegdagse gjenstandar som kunst i større grad enn når vi møter på dei i verda elles.

Filmar og seriar har ofte handling som bryt med det som er vanleg elles, og magi, superheltar og tidsreiser er noko som gir meining i denne konteksten. Viss foreldra dine fortel ei liknande historie om seg sjølve, vil vi nok stusse meir over dette.

I nyheitssendingane ventar vi ut frå konteksten at vertane serverer oss nyheiter. Viss dei plutseleg startar med å fortelje private fiskehistorier, vil vi truleg reagere på dette. Det gir ikkje meining ut frå konteksten.

Ver medviten på mottakar

Det vi seier eller skriv, må altså stå i forhold til den samanhengen det blir sagt i. Først då kan vi rekne med at mottakaren forstår føremålet med teksten.

Samanhengen er særleg viktig å tenkje på når du er avsendaren av ein tekst. Du må kanskje vite kor mykje mottakarane veit, kva erfaringar dei har, kva for språk dei snakkar, kor gamle dei er og så vidare. Først då har du eit grunnlag for å sende frå deg ein tekst som kommuniserer.

Når vi vil oppnå samanheng i ein tekst, er det altså viktig å ha eit mottakarfokus. Vi må sjå for oss kven som skal bruke teksten, og vi må tilpasse teksten til dei.

CC BY-SASkrive av Torgrim Gram Økland og Marita Aksnes.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2021

Læringsressursar

Kva er ein tekst?