Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sjangerforventningar

Kor samde er vi om sjangerforventningar til ulike tekstar?
Bruksrettleiing, verktøy og skruar for å montere flatpakka møblar frå IKEA. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter sjangerforventningar

Kva forventningar har du til desse teksttypane?

Stikkord: form, lengde, innhald, tema, tone, bilete og illustrasjonar, skrift

  • dikt

  • bruksrettleiing

  • dokumentarfilm

  • spelefilm

  • roman

  • fotografi

  • nyheitsartikkel

  • reklame

  • podkast

  • matoppskrift

  • lærebok i norsk

Samanlikn notata dine med notata til ein medelev. Er de samde om sjangerforventningane? Diskuter kvifor de er samde eller usamde. Prøv å diskutere dykk fram til ein felles sjangerdefinisjon.

CC BY-SASkrive av Torgrim Gram Økland, Marita Aksnes og Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021

Læringsressursar

Kva er ein tekst?